Utveksling og praksismobilitet

Utveksling og praksismobilitet

Informasjon om utveksling og praksis for vårsemesteret 2022.

Sist oppdatert 29. oktober kl. 13.13 (All informasjon om Vårsemesteret 2022.)

vårsemesteret 2022

  • Utreisande utveksling våren 2022

    Utreisande utveksling våren 2022

    NHH følger norske myndigheiter sine reiseråd. 1. oktober 2021 vart det globale reiserådet oppheva og det finns ikkje lenger pandemirelaterte reiseråd. Det vil difor vera mogleg å gjennomføra utveksling i vårsemesteret 2022 som planlagt.

    Vi gjer merksam på at nokre av NHH sine partnaruniversitet allereie har kansellert utveksling for vårsemesteret 2022. I tillegg har nokre partnaruniversitet valt å berra tilby digital utveksling neste semester. Studentar som er nominerte til utveksling ved desse universiteta vert informert om dette direkte per e-post.

    NHH opnar opp for at utveksling kan gjennomførast som normalt dersom:

    1) vertsinstitusjonen tek imot innreisande utvekslingsstudentar, og;

    2) lokale styresmakter i vertslandet ikkje innfører reiserestriksjonar som hindrar studentar i å reisa inn i landet.

    Det er sannsynleg at vertsinstitusjonar framleis kan kansellera utveksling for innreisande studentar. Dette er utanfor NHH sin kontroll. Likeins er andre land sine innreisereglar noko NHH ikkje rår med.

    Vi tilrår difor alle studentar om å ha ein plan B viss dette skulle skje. Det kan enten vera å fortsetja studiane ved NHH våren 2022, utsetja utveksling og søka om utveksling på nytt seinare om mogleg, eller vurdera moglegheita for å fullføra utvekslingssemesteret digitalt, dersom vertsinstitusjonen tilbyr dette.

    NHH følgjer situasjonen tett og kjem til å kommunisera direkte med studentane som har fått innvilga utveksling våren 2022 dersom det kjem endringar. Det er også svært viktig at studentane sjølve held seg oppdatert om situasjonen, og rettar seg aktivt etter informasjonen frå vertsinstitusjonen og lokale styresmakter i det landet dei skal reisa til.

    NHH krev ikkje at studentar som reiser på utveksling er vaksinerte mot Covid-19. Det kan vera eit krav ved innreise i enkelte land, og det kan vera eit krav som vertsuniversitetet set til innreisande studentar. På grunn av dette og fordi mange land har ein vesentleg lågare vaksinasjonsgrad enn Noreg, tilrår NHH alle studentar på det sterkaste å vera fullvaksinerte før avreise. Det er studentane sitt eige ansvar å halda seg oppdaterte om gjeldande krav og retningslinjer for det landet og det universitet ein skal utveksla til.

    For dei studentane som held på planen om å gjennomføra eit utvekslingssemester våren 2022 er det svært viktig at ein passar på å vera godt forsikra. Sjekk gjerne med fleire forsikringstilbydarar for å finna den forsikringa med best vilkår tilpassa ditt behov. Det er også viktig å vera klar over at mange forsikringsselskap har visse vilkår som kan avgrense dekningsgraden eller deira evne til å gje assistanse raskt viss uhellet er ute. Kvar einskild student må tenkja igjennom kva konsekvensar manglande forsikringsgrad kan ha, og korleis ein best kan førebu seg på å handtera det.

    Vidare er det viktig at alle studentar set seg godt inn i lokale forhald og det som ventar dei på studiestaden. Du må vera førebudd på å sitja i karantene ved framkomst og å verta møtt med digitale undervisningstilbod, heilt eller delvis. Det kan vera restriksjonar på og utanfor campus for sosial omgang med andre, og det landet eller byen du utvekslar til kan raskt og uventa innføra strenge tiltak for sosial distansering og andre smitteverntiltak som er meir inngripande i kvardagen enn dei strengaste tiltaka vi hittil har opplevd i Noreg.

    Studentar er tilrådd å førebu seg både mentalt og praktisk på førehand og leggja ein plan for korleis ein kan handtera både venta og uventa situasjonar.

    Ver også merksam på at det kan vera svært innskrenkande å ikkje vera vaksinert, då mange land har omfattande reglar og krav til framvising av Covid-19 vaksinasjonskort for å delta på arrangement, gå på restaurant og liknande. Studentar som ikkje er vaksinerte, men ønsker å vera det før avreise kan kontakte Bergen kommune eller si heimkommune. Planlegg dette i god tid før avreise.

    UTGIFTER KNYTT TIL UTVEKSLING

    • Dersom det er mogeleg tilrår me at du utsett utlegg i samband med ditt planlagde opphald.
    • Prøv å sikra deg ved å kjøpa fleksible flybillettar, avbestillingsforsikring osb.
    • Undersøk om det er mogleg å få utgifter refundert dersom du vert tvungen til å avlysa utvekslingsopphaldet.
  • Praksismobilitet våren 2022

    Praksismobilitet våren 2022

    I tråd med norske myndigheiter sine reiseråd vert det også opna opp for at studentar som planlegg eit praksisopphald som inngår i graden ved NHH våren 2022 kan reisa som planlagt.

    Reiserestriksjonar innført av vertslandet kan likevel hindra deg frå å reisa, dette er utanfor NHH sin kontroll. Viss det er restriksjonar på reiser til landet du skal til, må du utsetja avreise frå Noreg til restriksjonane vert heva. Alternativt kan du be bedrifta du skal ha praksisopphald i om å få byrja praksisopphaldet virtuelt, og så reisa når restriksjonane vert heva, slik at du fullfører minst fire veker av opphaldet ditt i utlandet.

    Du må òg ta høgde for at du kanskje må sitja i karantene i eit visst antal dagar etter framkomst og at du må avklara det praktiske rundt dette med arbeidsgjevar. Vi tilrår å planleggja framkomst i vertslandet i god nok tid til at karantene kan vera gjennomført før fyrste arbeidsdag.

    Dersom det ikkje er mogleg å få ein avtale med arbeidsgjevaren om å byrja praksisen heimanfrå eller i karantene i vertslandet, og du heller ikkje har høve til å endra tidsrom for praksisopphaldet, må du avlysa og trekkja deg frå praksisopphaldet.

    Merk at studentar som tek Internship Abroad-emne ved NHH, kan oppleva at bedrifter eller institusjonar dei skulle ha praksisopphald i avlyser på kort varsel. Dette er utanfor NHH sin kontroll.

    I slike høve vil NHH leggja til rette for fortsatt deltaking i Internship Abroad-emne så langt det er mogleg. For å kunna halda fram med emne må du oppfylla følgjande krav:

    • Du må ha fullført minst fire veker av praksisopphaldet i utlandet.
    • Du må ha fullført det obligatoriske kursarbeidet.

    Emneansvarleg ved NHH vil vurdera om det er mogleg for deg å fortsetja emnet etter at praksisopphaldet har vorte avlyst.

    For ytterlegare informasjon om kva studentar som planlegg eit praksisopphald må tenkja på og førebu før avreise viser me til informasjon i avsnittet over om utreisande utveksling våren 2022.

  • Dobbelgradsstudentar 2021/2022

    Dobbelgradsstudentar 2021/2022

    For studentar som gjennomfører eit NHH-initiert dobbelgradsopphald hausten 2021 og våren 2022 gjeld dei same retningslinjene for utreise som for utveksling skildra i avsnittet over.

    Merk at innreiserestriksjonar innført av vertslandet kan hindra deg frå å reisa inn i landet igjen viss du undervegs i opphaldet reiser ut av vertslandet og skal tilbake.

    For ytterlegare informasjon om kva studentar som gjennomfører eit dobbelgradsopphald må tenkja på og førebu før avreise og undervegs i opphaldet viser vi til informasjon i avsnittet over om utreisande utveksling våren 2022.

  • Innveksling til NHH

    Innveksling til NHH

    NHH opnar for at studentar som vert nominerte av NHHs partnaruniversitet til utveksling ved NHH våren 2022 kan gjennomføre eit utvekslingsopphald ved NHH som normalt.

    Alle innkomande utvekslingsstudentar ved NHH må følgja gjeldande nasjonale og lokale reisereglar og retningslinjer til ei kvar tid.

Haustsemesteret 2021

  • Utreisande utveksling hausten 2021

    Utreisande utveksling hausten 2021

    NHH har bestemt at planlagd mobilitet til Europa, Canada, USA, Japan og Russland er i tråd med norske myndigheiter sin definisjon som ei nødvendig reise og kan gå som planlagd i haustsemesteret 2021.

    Vi gjer merksam på at fleire av NHH sine partnaruniversitet allereie har kansellert utveksling for haustsemesteret 2021, og at dette talet er aukande.

    Vi vil tillata at studentar dreg på utveksling dersom:

    1) vertsinstitusjonen tek imot innreisande utvekslingsstudentar, og

    2) lokale styresmakter i vertslandet ikkje innfører reiserestriksjonar som hindrar studentar i å reisa inn i landet.

    Det må reknast som sannsynleg at vertsinstitusjonar framleis kan kansellera utveksling for innreisande studentar. Dette er utanfor NHH sin kontroll. Likeins er andre land sine innreisereglar noko NHH ikkje rår med.

    Vi tilrår difor alle studentar om å ha ein plan B viss dette skulle skje. Det kan enten vera å fortsetja studia ved NHH hausten 2021, utsetja utvekslingssemesteret til seinare om mogleg, eller vurdera moglegheita for å fullføra utvekslingssemesteret digitalt, dersom vertsinstitusjonen tilbyr dette.

    NHH følgjer situasjonen tett og kjem til å kommunisera direkte med studentane som har fått innvilga utveksling hausten 2021 dersom det kjem endringar. Det er også svært viktig at studentane sjølve held seg oppdatert om situasjonen, og rettar seg aktivt etter informasjonen frå vertsinstitusjonen og lokale styresmakter i det landet dei skal reisa til.

    For dei studentane som held på planen om å gjennomføra eit utvekslingssemester hausten 2021 er det svært viktig at ein sørgjer for å vera godt forsikra. Sjekk gjerne med fleire forsikringstilbydarar for å finna den forsikringa med best vilkår tilpassa ditt behov. Det er også viktig å vera klar over at mange forsikringsselskap har visse vilkår som kan avgrensa dekningsgraden eller deira evne til å gje assistanse raskt viss uhellet er ute. Kvar einskild student må tenkja igjennom kva konsekvensar manglande forsikringsgrad kan ha, og korleis ein best kan førebu seg på å handtera det.

    Vidare er det viktig at alle studentar set seg godt inn i lokale forhold og det som ventar på studiestaden. Du må vera førebudd på sitja i karantene ved ankomst, å verta møtt med digitale undervisningstilbod, heilt eller delvis, det kan vera restriksjonar på og utanfor campus for sosial omgang med andre og det landet eller byen ein utvekslar til kan raskt og uventa innføra strenge tiltak for sosial distansering som er meir inngripande i kvardagen enn dei strengaste tiltaka vi hittil har opplevd i Norge.

    Studentar er tilrådde til å førebu seg både mentalt og praktisk på førehand og leggja ein plan for korleis ein kan handtere både venta og uventa situasjonar.

  • Praksismobilitet hausten 2021

    Praksismobilitet hausten 2021

    NHH har vedteke at studentar som planlegg eit praksisopphald som inngår i graden ved NHH hausten 2021 kan reisa til Europa, Canada, USA, Japan og Russland. Dette vert definert som ei nødvendig reise.

    Reiserestriksjonar innført av vertslandet kan likevel også hindra deg frå å reisa, dette er utanfor NHH sin kontroll. Viss det er restriksjonar på reiser til landet du skal til, må du utsetja avreise frå Noreg til restriksjonane vert heva. Alternativt kan du be selskapet du skal til om å få byrja praksisopphaldet virtuelt, og så reisa når restriksjonane vert heva.

    Du må også ta høgde for at du kanskje må sitja i karantene i eit visst antal dagar etter ankomst og at du må avklara det praktiske rundt dette med arbeidsgivar. Vi tilrår å planleggja ankomst i vertslandet i god nok tid til at karantene kan gjennomførast før første arbeidsdag.

    Dersom det ikkje er mogleg å få ein avtale med arbeidsgjevaren om å byrja praksisen heimanfrå eller i karantene i vertslandet, og du heller ikkje har høve til å endra tidsrom for praksisopphaldet, må du avlysa og trekkja deg frå praksisopphaldet.

    Merk at studentar som tek Internship Abroad-kurs ved NHH, kan oppleva at selskap eller institusjonar dei skulle ha praksisopphald i avlyser på kort varsel. Dette er utanfor NHH sin kontroll.

    I slike høve vil NHH leggja til rette for fortsatt deltaking i Internship Abroad-kurset så langt det er mogeleg. For å kunna fortsetja med kurset må du oppfylla følgjande krav:

    • Du må ha fullført minst fire veker av praksisopphaldet i utlandet.
    • Du må ha fullført det obligatoriske kursarbeidet.

    Kursansvarleg ved NHH vil vurdera om det er mogeleg for deg å fortsetja kurset etter at praksisopphaldet er blitt avlyst.

    For ytterlegare informasjon om kva studentar som planlegg eit praksisopphald må tenke på og førebu før avreise viser vi til informasjon i avsnittet over om utreisande utveksling hausten 2021.

    UTGIFTER TILKNYTT PRAKSISMOBILITET

    Dersom det er mogeleg tilrår vi at du utsett utlegg i samband med ditt planlagde opphald.

    Prøv å sikre deg ved å kjøpe fleksible flybillettar, avbestillingsforsikring etc.

    Undersøk om det er mogeleg å få utgifter refundert dersom du vert tvungen til å avlysa opphaldet.

  • Dobbelgradsstudentar studieåret 2021/2022

    Dobbelgradsstudentar studieåret 2021/2022

    For studentar som planlegg eit NHH-initiert dobbelgradsopphald hausten 2021 eller våren 2022 har no NHH vedteke at det vert opna opp for utreise til alle partnarland.

    Merk likevel at innreiserestriksjonar innført av vertslandet kan hindra deg frå å reisa.

    For ytterlegare informasjon om dei vurderingane NHH har lagt til grunn og informasjon om kva studentar som planlegg eit dobbelgradsopphald må tenkje på og førebu før avreise viser vi til informasjon i avsnittet over om utreisande utveksling hausten 2021.

  • Innveksling til NHH

    Innveksling til NHH

    NHH opnar for at studentar som er nominert av NHHs partneruniversitet til utveksling ved NHH hausten 2021 er velkomne til dette.

    Alle innkomande utvekslingsstudentar ved NHH må følgje gjeldande nasjonale og lokale reisereglar og retningsliner til ei kvar tid.