Når du treng hjelp i utlandet

Når du treng hjelp i utlandet

Er du på utveksling eller anna utanlandsopphald i regi av NHH? Viss du blir utsett for ei uforutsett hending, finn du her informasjon om kva du skal gjera.

Mindre alvorlege situasjonar

Ta kontakt med koordinatoren din ved vertsuniversitetet og/eller den administrative koordinatoren din ved NHH i mindre alvorlege situasjonar som ikkje er akutte. Dei vil kunna gje deg råd om kva du skal gjera viss du er i tvil.

Akutt hjelp

Når du treng akutt hjelp, skal du kontakta lokalt politi, brannvesen og/eller ambulanse/lege. Dersom du ikkje kan gjera deg forstått, må du få tak i nokon som kan fungera som tolk.

unntakstilhøve

Ved unntakstilhøve skal du følge råd og pålegg frå lokale styresmakter.

faresituasjon

Dersom ein konkret faresituasjon skulle oppstå, har du òg plikt til å følga råda som vert gjevne frå næraste norske ambassade eller konsulat/Utanriksdepartementet. Ha telefonnummeret til den næraste norske utanriksstasjonen (ambassade eller konsulat) og andre viktige telefonnummer lett tilgjengelege.

registrer deg ved utAnriksstasjonen

Du bør ta kontakt med næraste norske utanriksstasjon når du komen til studiestaden. Som hovudregel bør du vera registrert ved næraste utanriksstasjon ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/Nord-Amerika.

fYlg lokale lover og reglar

Fylg lover og reglar i det landet du skal opphalda deg i, og ver merksam på at forhold, normer og reglar (både skrivne og uskrivne) kan vera annleis enn det som gjeld i Noreg. Ei god guidebok eller nettside om landet kan gje ein del retningslinjer.

hald familien din heime oppdatert

Dersom ein farleg situasjon skulle oppstå i landet, ta kontakt med familien din heime for å gje beskjed om at du er trygg. Dette gjeld også dersom du ikkje er i nærleiken av hendinga. Familien din har ikkje alltid oversikt over dei geografiske tilhøva.

mistrivst du?

Dersom du av ein eller annan grunn mistrivst og ønsker å avbryta utanlandsopphaldet, snakk først med koordinator ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren din ved NHH. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løysa problema dine.

sjømannskYRKJA

Den norske kyrkja i utlandet har ein eigen døgnopen beredskapstelefon: +47 951 19 181. 

SjømannskYRKJA sin nødnummer-app

Last ned Sjømannskyrkja sin nødnummer-app før utreise. Appen inneheld alle lokale nødnummer uansett kva for eit land du oppheld deg i.

utvekslingskontrakt med nhh

NHH vil i ein krisesituasjon ha bruk for opplysningane du har oppgjeve i kontrakt om utvekslingsopphald. Det er difor viktig at du gjev korrekte og oppdaterte opplysningar i kontrakten og er kjent med innhaldet i kontrakten ved signering.

Det er òg viktig at du registrerer deg med korrekte kontaktopplysningar i Studentweb ved NHH i tida du oppheld deg i utlandet.