Studentombod

Studentombod

Har du fått avslag på ein søknad, er du mistenkt for juks eller har du opplevd trakassering i studiesituasjonen? Det kan vera mange grunnar til at ein kan trengja bistand i saker som gjeld studiesituasjonen.

Karsten Olav Aarestrup er felles studentombod for NHH og UiB. Studentombodet avgjer ikkje saker, men vil kunne rådgje deg i alle saker som gjeld tilhøve mellom deg som student og NHH. Typiske saker studentombodet kan hjelpa til med er saker som gjeld:

  • Formell feil på eksamen
  • Avslag på søknadar tilrettelegging, utvida studierett, innpass, utveksling etc.
  • Mistanke om juks
  • Varsling
  • Trakassering

Vidare vil studentombodet kunne rådgje om prosessen vidare i saker, kva dokumentasjon som er viktig, korleis du best fremjar saka di m.m. Du må sjølv fremja saka di, men studentombodet vil kunne bidra med råd om korleis du bør framstilla saka.

Mandat for studentombodet på NHH (pdf 90 kb)

Hjelp frå studentombodet er gratis og uforpliktande, i tillegg til at studentombodet sjølvsagt har teieplikt.

Målet for studentombodet er at studentar som er i konflikt med NHH skal få ei best mogleg sakshandsaming, få innsyn i sine moglegheiter til å vinna fram og ikkje oppleva seg overkøyrd av NHH.

Årsrapport for studentombodet

Årsrapport 2019 (pdf 790 kb)

Årsrapport 2018 (pdf 691 kb)

Årsrapport 2017 (pdf 428 kb)