Karrieretenester for studentar
Har du ambisjonar om ein internasjonal karriere er det viktig at du er godt førebudd og at du startar planlegginga så tidleg som mogeleg. ICC kan hjelpe deg på vegen!
kurs og workshops
ICC arrangerer ulike kurs og workshops gjennom året. Kursa blir annonsert på karriereportalen vår, JobTeaser.
INTERNASJONALE INTERNSHIP OG STILLINGAR
ICC har ei rekkje internshipavtalar med eksterne partnarar som United Nations Population Fund (UNFPA), DNB, Innovasjon Norge, OECD, Unicef, etc.
Alle internship-utlysingar og kurs blir kunngjort på ICCs karriereportal JobTeaser:

INTERNSHIP ABROAD PROGRAMME
Vi hjelper deg med internships av høg kvalitet i utlandet. Du kan no også få godkjent eit internasjonalt internship som del av graden din ved NHH.
MEIR INFORMASJON OM PROGRAMMET
KARRIEREDAGANE
ICC samarbeider kvart år med NHHS Næringslivsutval (NU) om Karrieredagane. 16. september 2020 kan du møte følgjande verksemder som rekrutterer til internasjonale posisjonar: Bank of America Merrill Lynch, Innovasjon Norge, OECD og Utanriksdepartementet. I tillegg vil du kunne snakke med representantar for NHHs Innovation School.
Sjå video fra kurset "Mestre gruppecase på jobbintervju":
Du kan også søkje etter internship på karriereportalen Highered:
Logg på karriereportalen Highered
Er du på jakt etter internships i Berlin kan du søke etter stillinger i denne portalen: BerlinTopJobs
karriererettleiing
Få internasjonal karriererettleiing hos ICC onsdagar kl. 12.00-14.00. Her kan du tinge rettleiing.
hald deg oppdatert
Oppslag om internasjonale internship- og jobbkunngjeringer finn du i hovudsak på ICCs gruppe på LinkedIn og på Facebooksidene Internship and Job Opportunities for NHH students og International Career Centre - NHH.
Sjå fleire videoar frå OECD på vår Youtube-kanal
Kontakt
- Telefon
- +47 55 95 92 14
- E-post
- icc@nhh.no
tips for deg som vil jobbe i utlandet
- Vær open og nysgjerrig: jo meir du lærer om deg sjølv og verda rundt deg, desto lettare er det å ta riktige karriereval
- Førebu deg godt: pass på at du i både CV, søknad og intervjusituasjon presenterer deg på ditt beste, slik at du får vist kvifor akkurat du er den beste kandidaten for jobben
- Les deg opp på førehand om verksemdene som kjem til NHH for å rekruttere. Då vil du få meir ut av samtalane med dei, og auke deira interesse for deg.
Og sjølvsagt, bruk gjerne av ICC's internasjonale karriererettleiing. Frå og med 1. april 2019 finn du oss i Servicesenteret utanfor hovedbyggjet, onsdagar kl. 12.00-14.00.