Mellombels forskrift om sensurfristar

Mellombels forskrift om sensurfristar

Fastsett av Styret 08.12.2016 med heimel i lov av 1. april 2005 om universiteter og høyskoler § 3-9 og § 8-2.

§ 1 Område denne forskrifta gjeld for

Forskrifta gjeld for nærmare oppgjevne eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, masterstudiet i økonomi og administrasjon, masterstudiet i rekneskap og revisjon og for translatøreksamen ved Norges Handelshøyskole.

§ 2 Kunngjeringsdatoar for ordinære eksamenar i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon

Sensur blir kunngjord seinast fem veker etter eksamensdagen i RET1 – Rettslære for økonomer og RET12 – Finans- og kredittrett, MET3 – Databehandling for økonomer og SOL10 -  Frontiers of Business Ethics: Moral Choice in Business Practice.

§ 3 Kunngjeringsdatoar for ordinære eksamenar i masterstudiet i økonomi og administrasjon/masterstudiet i rekneskap og revisjon

Sensur blir kunngjort seinast fire veker etter eksamensdagen i:

  • MRR411/BUS426N Revisjon,
  • MRR412/BUS402 Finansrekneskap,
  • MRR413A/B/ BUS425 – Regnskapsanalyse og Verdsetjing,
  • MRR415/BUS401 Strategiske lønnsomhetsanalyser og prising
  • MRR445 Topics in Auditing

§ 4 Kunngjeringsdatoar for eksamenar i masterstudiet i rekneskap og revisjon

Sensur blir kunngjord seinast fem veker etter eksamensdagen i MRR416 – Foretaksrett og MRR417 – Skatt og avgift.

Sensur blir kunngjord seinast 15. august i MRR443 – Verdsetjing, MRR446 Juss, MRR451 Revisjon og MRR452 Finansrekneskap.

§ 5 Kunngjeringsdatoar for translatøreksamenar

Sensur blir kunngjord seinast fem veker etter eksamensdagen på translatøreksamen.

§ 6 Ikraftsetjing mm

Forskrifta tek til å gjelde frå og med eksamenar avlagd i vårsemesteret 2017 og gjeld til og med eksamenar avlagd i haustsemesteret 2018. Av dette følgjer at for eksamen i emne som ikkje er nemnde i forskrifta, gjeld fristen på tre veker i samsvar med Lov om universiteter og høyskoler.

Unntak for ordinær sensurfrist gjeld det semesteret emne blir undervist.