Kursgodkjenning har ikkje lengre fast avgrensa gyldigheit

Kursgodkjenning har ikkje lengre fast avgrensa gyldigheit

NHH sitt styre vedtok 5. mars 2020 ei endring i forskrifta som inneber at kursgodkjenning ikkje lengre har fast avgrensa gyldigheit.

Studentar som i februar fekk vurderingsmeldinga si sletta fordi kursgodkjenninga hadde gått ut, eller som av same grunn ikkje fekk vurderingsmeldt seg i januar, kan innan fredag 13. mars 2020 melde seg til vurdering i kursa som er lista under.

Endringa inneber at dersom du har kursgodkjenning i eit kurs frå tidligare er denne fortsatt gyldig om kurset enten

  • ikkje har endra krav til vurdering og kursgodkjenning

eller

  • anna er angitt i kursbeskrivinga

 

Kursa under vart undervist og hadde krav til kursgodkjenning hausten 2018, samt at det vert tilbydd eksamen i dei våren 2020. Desse er no opne for vurderingsmelding fram til 13. mars 2020. Du melder deg til vurdering på Studentweb. Meld deg opp ved å søke etter kurskoden under «Aktive emner».

Bachelor

BED1

BED2

BED4

JAP10

MAT11

MAT12

MET1

MET4

RET1

RRR11

RET13

SAM1

SAM12

SAM15

SAM16

SAM17

SAM20

SAM4

SOL12

SOL13

SOL3

TYS10

 

Master

BAN403

BUS422N

BUS446

ECN402

ECN420

FIE400E

FIE403

MBM401B

STR402A

STR425

 

Merk at det ikkje er mogeleg å oppnå ny kursgodkjenning i kursa no, og at melding til eksamen fordrar at du har ei kursgodkjenning frå tidlegare.

§ 4-2 i vår forskrift om fulltidsstudiane har no denne ordlyden:

§ 4-2. Forkunnskaper og kursgodkjenning

Eventuelle krav til forkunnskaper og kursgodkjenning som vilkår for vurdering skal være klart angitt i kursbeskrivelsen. 

En student som ikke får kursgodkjenning på angitt måte, har ikke anledning til å gjennomføre vurdering i kurset. Se også § 4-5 Semester for vurdering.

Om ikkje anna går fram av kursbeskrivinga, vil ei kursgodkjenning no vere gyldig fram til det vert publisert endringar i krava til kursgodkjenning, jf. § 4-5.

 

Kontakt

Telefon
+47 55 95 92 00
E-post
eksamen@nhh.no