Krav til utstyr og førebuingar til digital eksamen

Krav til utstyr og førebuingar til digital eksamen

Du må laste ned siste versjon av FLOWlock før kvar eksamensperiode.

SLIK SJEKKeR du DATAMASKINen din:

  1. Gå til no.wiseflow.net/nhh, logg på med Feide.
  2. Klikk namnet ditt i høgre hjørne, klikk Rediger profil.
  3. Klikk fana Systemkrav.
  4. Pass på at det er haka av ved alle felt.
  5. Last ned den siste versjonen av FLOWlock.

Når FLOWlock er installert kan du klikke Prøv nettleseren for å verifisere. I tillegg kan du teste ut ein demoversjon av FLOWlock ved å klikke Start FLOWlock.

BErbar datamaskin

Du skal ha med éin eigen berbar datamaskin (PC eller Mac) med ladekabel. Du kan berre bruke hybrid- PC (f.eks. Surface) dersom den har fullverdig versjon av Windows (ikkje RT eller 10S). Du kan bruke penn for berøringsskjerm.

Nettbrett er ikkje tillate. Eventuelt eksternt tastatur, web-kamera eller mus må vere kabla.

Det er ikkje lov å låne eller å dele utstyr under eksamen.

Seksjon for eksamen har  ei avgrensa mengd datamaskinar og kamera til utlån. Send søknad til eksamen@nhh.no seinast fem virkedagar før eksamensdagen. Søknaden skal innehalda kurskode, dato for eksamen, namn og studentnummer.

Du får utlevert lånemaskinen i lokalet på eksamensdagen, og du skal levere han tilbake til teknisk vakt rett etter du er ferdig med eksamen.

Programvare

Du må sjølv kontrollere at datamaskinen din fungerer med Eduroam, og er gjort klar for skriftleg skuleeksamen. Køyr gjerne òg ein viruskontroll. Vi tilrår at du bruker dei to siste versjonane av Google Chrome eller Mozilla Firefox, og at du deaktiverer McAfee før eksamen dersom du har dette installert.

Workshop

Vi inviterer til workshop før kvar eksamensperiode. Der kan du få teknisk hjelp, og en gjennomgang av korleis du bruker FLOWlock på ein digital skuleeksamen.