Designdagen-refleksjonar: Kva er tenestedesign for deg?

19 April 2012 14:23

(updated: 21 December 2016 14:30)

Designdagen-refleksjonar: Kva er tenestedesign for deg?

Tenker du òg at design handlar om eit produkt sin utsjånad og funksjonalitet? Dette trudde eg, men no har eg fått ei meir nyansert oppfatning av omgrepet. Det var Annita Fjuk frå Telenor sitt innlegg på Designdagen som gjorde meg merksam på at design òg handlar om sosiale interaksjonar og kundeopplevingar.

Annita Fjuk frå Telenor sitt innlegg med video.

I følgje Annita handlar tenestedesign om korleis menneske i ein organisasjon leverer opplevingar til kundar, samt kva type forretningsmodellar ein må lage for å levere den opplevinga ut. Ho syner i sitt innlegg til at to tredjedelar av avslutta kundeforhold er relatert til (dårleg) kundebehandling og den opplevinga kunden har i møte med organisasjonen. Dette syner viktigheita av å nytte seg av tenestedesign som eit medvite strategisk instrument i utviklinga av servicetenester.

Flytoget vert trekt fram som ei bedrift som har lukkast med å setje brukaren i sentrum og tilby ei oppleving som går utover dei funksjonelle eigenskapane til produktet. Ved å fokusere på brukarvennlege tenester og detaljar som forenklar kvardagen til dei reisande, har dei lukkast i å skape stor kundetilfredshet. Mi oppfatning av design dreier seg ikkje lenger berre om design av eit fysisk og konkret produkt, men òg om den heilskaplege opplevinga som eit godt produkt kan tilby.