Åpen dag 2019 - måndag

 MELD DEG PÅ OPENDAG.NO

SJÅ PROGRAM SØNDAG 20. JANUAR 

Program Åpen dag

Dette føregår på NHH kl. 09:30-11:30 og kl. 13-15:

  • Vel møtt til NHH!
    Ved prorektor Linda Nøstbakken 
  • Kva går studiet ved NHH ut på – og passar det for deg?
    Ved professor Kjetil Bjorvatn
  • Korleis er det eigentleg å studere på NHH? 
    Ved student Frid Helén Hop
  • Internasjonale moglegheiter: Dra på utveksling til utlandet 
    Ved student Josefin Styve
  • Spennande jobbmoglegheiter etter studia 
    Ved tidlegare student Linda Roald, AVO Consulting
  • Rettferd - kor mykje bryr du deg når det kjem til stykket? Bli med på eit eksperiment med forskingssenteret FAIR  
    Ved forskar Hallgeir Sjåstad
  • Omvisning på campus 
  • Treff studentar og finn ut kva studentgrupper du kan engasjere deg i under studia
  • Lunsj (gratis)

Kan du ikkje komme til NHH mandag 21. januar? Kom på Åpen dag på NHH søndag 20. januar i staden! Programmet på NHH er det same begge dagane. På søndag 20. januar kan du òg delta på Åpen dag på Litteraturhuset i Bergen. Ta gjerne med foreldra dine òg! 

Åpen dag er eit samarbeid mellom dei fire høgskulane (HvL, VID og NLA), Universitetet i Bergen og Utdanning i Bergen, til ein felles Åpen dag slik at du som finne ut kva du har lyst til å studere, kan få ein smakebit på kva utdanningane går ut på.

Les meir om bachelorstudiet ved NHH

 

Reisestipend

Bur du utanfor Hordaland, har generell studiekompetanse, har bestått matematikk R1 eller S1 og S2, og har gode karakterer, kan du søkje om reisestipend for å delta på Åpen dag. 

Poenggrensa for å komme inn på NHH var i 2018:
- 52,7 for førstegongsvitnemål 
- 56,5 for ordinær kvote. 

For stipendsøkjarar frå Sør-Noreg (frå og med Trøndelag og sørover) er reisestipendet på 1.000 kroner.

For stipendsøkjarar frå Nord-Norge (frå og med Nordland og nordover) er reisestipendet på 1.500 kroner.

Søknadsfrist: søndag 13. januar 2019