Regnskapsanalyse og verdivurdering

BUS440 Regnskapsanalyse og verdivurdering

  • Innhold

    Innhold

    Kurset startar med å skissere eit rammeverk eller ei oppskrift for korleis fundamental verdivurdering bør gjennomførast. Analysen skjer i to hovudsteg - fundamentalanalyse og verdivurdering. Sidan kurset legg opp til ein grundig stegvis prosess mot å produsere eit verdiestimat, så egnar det seg godt for å skrive masterutgreiing der du verdset eit sjølvvald selskap. I kurset vert det også skissert forenklingar i samsvar med beste praksis.

     

    Utgangspunktet for fundamentalanalysen er offentleg informasjon, særleg års- og kvartalsrapportar. Analysen vert gjennomført i to steg: 1) Strategisk analyse, og 2) rekneskapsanalyse, som i kominasjon er strategisk rekneskapsanalyse. Strategisk analyse inneheld bransjeanalyse for å finne ut om bransjen har ein felles bransjefordel, og ressursanalyse for å finne ut om verksemda har ein selskapsfordel i høve til bransjen.

     

    Rekneskapsanalyse inneheld utarbeiding av «trailing» årsrekneskap, omgruppering av rapporterte tal, analyse og justering av målefeil og forholdstalsanalyse, både analyse av risiko og superrentabilitet. Strategisk fordel i form av superrentabilitet vert broten ned i ein finansieringsfordel og ein driftsfordel, og kopla mot kvalitativ strategisk analyse, dvs steg 1).

     

    Innsikt frå fundamentalanalyse vert dernest nytta til fundamental verdivurdering. Dette skjer i ytterlegare to steg: 3) utarbeiding av framtidsrekneskap og -krav, og 4) fundamental verdsetjing og analyse av uvisse. Til slutt kan det fundamentale verdiestimatet nyttast (i eit steg 5)), til dømes kjøp av aksjar dersom det fundamentale verdiestimatet er signifikant større enn børskursen i høve til uvissa i verdiestimatet.

     

    Utarbeiding av framtidsrekneskap og framtidskrav inneheld vekstanalyse, fastsetjing av horisont og budsjettering av driftsinntekter gjennom å framskrive driftsinntektsveksten. Framtidsresultatet og balansen vert budsjetterte gjennom å framskrive andre budsjettdrivarar, slike som netto driftsmargin og omløpet til netto driftskapital. Etter at framtidskrava er estimerte, vil strategisk fordel i framtidsrekneskapen verte analysert og kjeldene kopla til strategisk rentabilitetsanalyse i steg 2).

     

    Fundamental verdsetjing inneheld sjølve verdifastsetjinga der framtidsrekneskapen vert diskontert til noverdi. Slik verdsetjing vil verte gjennomført både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden. Innan kvar metode vil fri kontantstraummodellen, superprofittmodellen og superprofittvekstmodellen verte nytta, og vektene bak kravet vert sekvensielt oppdaterte slik at alle metodar og modellar produserer same verdiestimat på eigenkapitalen til den analyserte verksemda. Til sist vil uvissa i verdiestimatet verte synleggjort gjennom sensitivitetsanalyse og simulering i Excel ved hjelp av Crystal Ball.

     

    Kurset har heimeside: http://course.nhh.no/master/BUS440/. Her finn du ytterlegare informasjon om innhaldet.

  • Læringsutbytte

    Læringsutbytte

    Gjennom å ta dette kurset vil du som ivrig deltakar få kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse i rekneskapsanalyse og verdivurdering.

     

    Du vil få kunnskapar til å

     

    • gjennomføre strategisk rekneskapsanalyse av den verksemda som du ynskjer å analysere,
    • nytte innsikt frå slik fundamentalanalyse til å lage framtidsrekneskap og framtidskrav, og
    • lage eit godt estimat på nettoverdien - og å kunne synleggjere uvissa i verdiestimatet.

     

    Du vil få ferdigheiter til å

     

    • gjennomføre analyse av strategisk fordel, både bransje- og ressursanalyse,
    • byggje inn i analysen seinaste rekneskapsinformasjon gjennom å kunne lage «trailing» årsrekneskap,
    • omgruppere rapporterte rekneskapsoppstillingar for investororientert rekneskapsanalyse,
    • analysere og justere for visse målefeil (forsking og utvikling, marknadsføring og leige),
    • analysere kredittrisiko og utarbeide syntetisk rating,
    • finne estimat på historisk avkastingskrav,
    • analysere superrentabilitet - og kople mot kvalitativ analyse av strategisk fordel,
    • analysere vekst, budsjettere driftsinntekter og vurdere kva som er ein passande budsjetthorisont,
    • framskrive andre budsjettdrivarar og lage framtidsresultat og framtidsbalanse - og finne fri kontantstraum,
    • finne estimat på framtidskravet og analysere strategisk fordel i framtidsrekneskapen,
    • gjennomføre fundamental verdivurdering både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden, og
    • gjennomføre verdikonvergens til eitt verdiestimat - og analysere uvissa i dette estimatet.

     

    Du vil såleis ende opp med generell kompetanse til å kunne

     

    • gjennomføre rekneskapsanalyse og verdivurdering,
    • vurdere andre sine verdivurderingar på eit kritisk fagleg grunnlag, og
    • opptre som spesialist i fundamental verdivurdering.

  • Undervisningsopplegg

    Undervisningsopplegg

    Kurset inneheld førelesingar som presenterer, utdjupar og illustrerer rammeverket for fundamental verdivurdering. Illustrasjon av korleis verdivurdering kan gjennomførast i praksis skjer gjennom at ei verksemd vert vald (Telenor) og analysert i høve til bransjen (televerksemd). I tillegg vert oppgåvesett med eksamensrelevante oppgåver som du kan arbeide med på eiga hand gjorde tilgjengelege. Det vert presentert detaljerte løysingsforslag - og utvalde oppgåver vert gjennomgådde i to særskilde førelesingar.

  • Anbefalte forkunnskaper

    Anbefalte forkunnskaper

    Det er ein fordel at du på førehand å ha teke BUS402/MRR412 Finansrekneskap eller BUS447 Financial Accounting - IFRS og BUS424 Strategisk rekneskapsanalyse.

  • Overlapping med andre emner

    Overlapping med andre emner

    BUS440/MRR413A kan ikkje godkjennast i kombinasjon med BUS425/MRR413B og BUS457/MRR413E, då desse kursa også er kurs i fundamental verdivurdering, men med litt ulik vinkling.

  • Krav til kursgodkjenning

    Krav til kursgodkjenning

    Kravet til kursgodkjenning er jamt oppmøte førelesingane - og at du gjer oppgåvene i to oppgåvesett.

  • Vurderingsform

    Vurderingsform

    Skriftleg skoleeksamen over 4 timar.

  • Karakterskala

    Karakterskala

    A - F.

  • Dataverktøy

    Dataverktøy

    Excel og Crystal Ball.

  • Undervisningssemester

    Undervisningssemester

    Vår

  • Litteratur

    Litteratur

    Kjernen i pensum er detaljerte førelesingsplansjar, som kan lastast ned frå heimesida til kurset. For å få ytterlegare innsikt bør du lese Penman, S. H.: «Financial Statement Analysis and Security Valuation», seinaste utgåve.

Oppsummering

Studiepoeng
7.5
Undervisningsspråk
 Norsk
Semester
Vår

Kursansvarlig

Professor Kjell Henry Knivsflå