Allmenn tekst (heimeeksamen hausten 2011)

 

NB! Kjeldetilvisinga skal omsetjast.

På parti med fortida

Konservatismens økonomiske og sosiale verknader er utematiserte.
Er konservatismen den einaste gjenlevande ideologien i vårt land? Den sosialliberale tradisjonen er i dag marginal i det marginale Venstre, det sosialdemokratiske Arbeidarpartiet verkar å vere redusert til ein forhandlingsarena mellom statseliten og profesjonelle fagforeiningsfolk, og i SV vart sosialismen avskaffa av Erik Solheim for over tjue år sidan. Vi har heller aldri hatt nokon markant libertariansk tradisjon utover einskildtillaup som Anders Langes Parti og diskusjonsklubbar blant yngre menn frå Oslos vestkant.

For ein politisk utanforståande synes det som om norsk konservatisme, slik han vert boren fram av dei mindre udanna delane av Høgre, er blant dei få livskraftige kjeldene til prinsipiell politisk tenking og prinsipielt forankra politikarar i landet vårt – i det minste når det gjeld grensene for staten som regulerings- og overvakingsinstans.

Tanken slår meg idet eg opnar boka Konservatisme, redigert av Torbjørn Røe Isaksen og Henrik Syse. Dei har også skrive innleiingskapitlet, som målber det beste i den danna norske konservatismen: lærd, vidsynt og velformulert. Lærd i skildringa av grunnantakingar i konservatismen: eit realistisk syn på den avgrensa dømekrafta til einskildmennesket, mistru til idear om perfekte institusjonelle designar og tillit til dei institusjonar som har tålt tidas tann, trua på samfunnet som eit forpliktande fellesskap. Og i skildringa av spenningar innan konservatismen: som mellom liberal og autoritær tenking, mellom elitisme og populisme og mellom marknadsliberalistar og dei som er urolege for at økonomisk nyttetenking skal fortrenge normative fellesskap.

Dei skriv vidsynt og med eit anerkjennande nikk til liberalismen og sosialismen og den rolla desse ideologiane har spela for å fremje rettferd og fridom, og plasserer konservatismen som ein ikkje-politisk politisk filosofi som hegnar om dei institusjonane som gjer samfunnet trygt og føreseieleg. Og dei skriv velformulert og tydeleg, men likevel forsiktig, med ein retorikk som liknar Aristoteles når han i sin kritikk av Platon skriv: «Det er mange problem forbundet med forslaget om at kvinnene skal være felles for alle.» 
[…]


Kjelde: Utdrag frå Forskerforum 7/2011

 

Lagt ut 10.01.2012