2009:
Om lov om endringar i aksjelova og allmennaksjelova
Tilråding frå Justis- og politidepartementet av 19. september 2008, godkjend i statsråd same dagen.
Hovudinnhaldet i proposisjonen
Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper (aksjeloven) og lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper (allmennaksjeloven).
Allmennaksjelova kapittel 13 har reglar om fusjon. Eit vedtak om fusjon blir gjort ved at generalforsamlinga i kvart selskap som tar del i fusjonen, godkjenner ein felles fusjonsplan. Det følgjer av allmennaksjelova § 13-10 at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen. I proposisjonen foreslår Justisdepartementet eit nytt fjerde ledd i § 13-10 om at krava om utgreiing i første og andre ledd ikkje gjeld dersom alle aksjeeigarane er samde om det. Allmennaksjelova § 14-4 tredje ledd om fisjon viser til § 13-10. Endringsforslaget får med det verknad også for fisjon.
Framlegget har bakgrunn i Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/63/EF, som gjer endringar i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon og sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon.
Tredje og sjette selskapsdirektiv gjeld berre for allmennaksjeselskap. Endringsdirektiv 2007/63/EF har såleis ikkje noko å seie for aksjeselskapa. Justisdepartementet gjer likevel framlegg om endringar også i aksjelova § 13-10, då det ikkje er grunn til å ha andre reglar for aksjeselskapa enn for allmennaksjeselskapa på dette punktet.
Bakgrunn for lovframlegget. Europaparlamentet og Rådet for den europeiske union vedtok den 13. november 2007 direktiv 2007/63/EF om endring av Rådets direktiv 78/855/EØF og 82/891/EØF når det gjeld kravet til ein rapport frå ein uavhengig sakkunnig i samband med fusjon eller fisjon av allmenne selskap med avgrensa ansvar. Ved EØS-komiteens vedtak nr. 58 av 25. april 2008 vart direktivet innlemma i EØS-avtalen ved ei endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til avtalen. I vedtaket i EØS-komiteen er det gjort atterhald om samtykkje frå Stortinget, då gjennomføring av direktivet i norsk rett inneber lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre ledd. I St.prp. nr. 78 (2007-2008) ber Utanriksdepartementet om Stortingets samtykkje til godkjenning av EØS-komiteens vedtak.
[…]
Kjelde: Ot.prp. nr. 78 (2007-2008); utdrag
Lagt ut 19.05.2009