2009 Allmenn tekst (norsk)


Kvifor har vi reglar om innsyn i offentleg verksemd?

 
Retten til innsyn i offentleg verksemd er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp og har etter kvart vorte solid forankra i lovverk og praksis, både nasjonalt og internasjonalt. Dei grunnleggjande omsyna som ligg bak prinsippet blir gjerne omtala som

  • demokratiomsynet, det at borgarane gjennom tilgang på informasjon kan få innsikt samfunnsspørsmål, få betre grunnlag for å ta del i samfunnsdebatten, og bli aktive deltakarar i det demokratiske samfunnet vårt
     
  • kontrollomsynet, at borgarane og media gjennom innsyn har høve til å kontrollere styresmaktene, og slik avsløre kritikkverdige og uheldige tilhøve
     
  • omsynet til rettstryggleik, gjennom at dei ulike aktørane kan skaffe seg kjennskap til forvaltningspraksis og grunnlaget for dette, noko som motverkar usakleg forskjellshandsaming og andre former for kritikkverdig bruk av makt og kompetanse


I tillegg er det eit sentralt moment at forvaltninga er ein viktig informasjonsbank, og at borgarane gjennom denne innsynsretten får tilgang til den viktige ressursen kvalitetssikra offentleg informasjon i seg sjølv er.
 
[…]

 
Det generelle verkeområdet til lova, det vil seie kva organ og verksemder som lova gjeld for, går fram av offentleglova § 2. Paragrafen peiker med andre ord ut kva for organ og verksemder innsynsretten etter offentleglova kan brukast overfor. Det følgjer av fyrste ledd bokstav a at lova gjeld for ”staten, fylkeskommunane og kommunane”. Institusjonar og verksemder som er ein organisatorisk del av den statlege, fylkeskommunale eller kommunale forvaltninga, gjeld lova for, utan omsyn til kva type verksemd dei driv. Folkevalde og politisk utpeika organ, slik som regjeringa, kommunestyre og fylkesting, er omfatta av lova. Vidare gjeld lova for administrative organ som departement, direktorat, fylkesmenn, regional statsadministrasjon og kommunal administrasjon. Dessutan fell statlege og kommunale råd, nemnder og utval inn under offentleglova utan omsyn til om dei er faste eller mellombelse, og uansett om medlemmane er valde, oppnemnde eller utnemnde.

 

 

Kjelde: Justis- og politidepartementet (2008): Rettleiar til offentleglova - førebels versjon (utdrag)

  

  

Lagt ut 19.05.2009