Når kan eg reise ut?

Studieplanane ved NHH legg opp til at studentar skal reise ut i bestemte semester.

Bachelor
 

Studentane på bachelorstudiet vil få tilbod om utvekslingsopphald i anten 4. eller 5. semester av studiet.

Master
 

Aktuelle semester å reise på utveksling på masternivå er 2. og 3. semester. Det er også mogleg å reise ut i 4. semester av studiet (avhengig av rekkefølge på kurs og masteroppgave).Det er ikkje mogleg å reise ut i første semester på utveksling.

 

Kva kurs kan du ta på utveksling, og kvar finn du desse kursa?

Du kan lese meir om innpassing av utvekslingsopphaldet både på bachelor- og masternivå her.
 

Akademisk kalender

Når du vurderer aktuelle lærestadar som du ønskjer å søkje på er det viktig at du undersøkjer om semesterorganiseringa ved desse lærestadane passar inn med studieløpet ditt her heime. I enkelte tilfelle vil det berre vere mogleg å reise i vårsemesteret og ikkje i haustsemesteret, eller omvendt.

Her finn du er oversikt over den akademiske kalenderen ved dei lærestadane NHH samarbeidar med. Det er viktig at du også sjekkar dette på lærestadane sine eigne nettsider då dei datoane vi opplyser er omtrentlege og kan variere litt frå år til år.