Kvifor utveksling?

Fagleg
Det er ikkje ein ferietur å vere på utveksling. I tillegg til at semesterbelastinga i studiepoeng skal vere den same, kjem dei kulturelle og språklege skilnadane. Men du får eit unikt høve til å utvide horisonten din i eit fagleg miljø som utfyller og styrkjer utdanninga di frå Norge.
 
Sosialt
Høve til å møte mange nye menneske er i seg sjølv ein god grunn til å reise på utveksling, viss du har eit ope sinn og har lyst til å bli kjent med nye folk og nye kulturar!

 

Språkleg
Utveksling er ei god anledning til å lære eit nytt språk eller få bruke språkkunnskapane frå skulebenken i praksis viss du utnyttar moglegheita godt! Start førebuingane tidleg og ta dei naudsynte språkmodulane viss du har planar om år reise på utveksling til ein ikkje-engelsk språkleg lærestad.

Les mer om språkfagene ved NHH 


Jobb
Arbeidsgivarar føretrekkjer søkjarar med internasjonal erfaring.

  

Økonomi
Studielånet varer lenger i land med lågare prisar. Lånekassen gir ekstra støtte til reiser og språkkurs. Med stipend frå Erasmus eller Nordplus får du enda meir pengar å rutte med!

 
Er du motivert?
Det viktigaste spørsmålet er om du er motivert både for ei stor fagleg, sosial og språkleg utfordring. Er du usikker kan det vere lurt å vente til masternivå, då kan du bruke betre tid til å førebu deg til eit utvekslingsopphald. Men er du sikker er du velkommen til å søkje utveksling både på bachelor- og masternivå!