Nordic Centre er eit felles prosjekt mellom Fudan University og 24 universitet/høgskular i Norden. Nordiske studentar har høve til å ta ulike kurs som vert tilbode der.
Nordic Centre arrangerer kvart år i juli eit 3-vekers sommarkurs som NHH-studentar på bachelornivå kan søkje om å få delta på. I 2012 er kurset frå 9 - 28 juli. Kursdeltakelse er gratis.
Det er opna for at studiepoenga ein produserer på kurset kan passast inn som ein del av bachelorgraden ved NHH. Ved å utvide den obligatoriske kursoppgåva kan ein anten få godkjend ein del av kurset, Politics and Economy, som eit VOA fag eller ein annan del av kurset, Politics and Society, som eit allment valfag. Det er studentens ansvar å be Nordic Centre om å få skrive ei utvida kursoppgåve verdt 7,5 stp.I følgje forskrifta for bachelordelen av den femårige siviløkonomutdanninga kan inntil 30 sp godskrivast på bakgrunn av utdanning frå utanlandsk lærestad som del av eit utvekslingsprogram. Dette betyr at studentar ikkje kan få godkjent både 7,5 sp frå sommarkurset ved Fudan University (VOA eller valfritt allment kurs) og 30 sp frå ordinært utvekslingsopphald inn i Bachelor-graden ved NHH.
Meir informasjon om sommarkurset
Søknaden må leverast inn innan fristen til Internasjonalt kontor ved NHH.
Dette er ein unik sjanse til å tileigne seg førstehands kunnskap om den historiske, politiske og økonomiske tilstanden i Kina, samt dagens kinesiske samfunn. Tilbakemeldingane frå studentar som har deltatt på kurset tidlegere har vore veldig gode, sjå rapport sommar 2009.
Søknaden (søknadsskjema kan lastast ned her), må innehalde følgjande informasjon:
- Søknad og motivasjonsbrev (engelsk)
- CV (engelsk)
- Karakterutskrift (engelsk)
- Om du ynskjer å få faget godkjent som eit VOA eller eit valfritt allment fag, må du leggje ved eget ark om dette.
Søknadsfrist for sommarkurset i 2012, er 12. mars 2012.
Har du spørsmål om kurset kan du kontakte Lena Håre ved å sende en e-post til lena.hare@nhh.no eller ta turen innom Internasjonalt kontor.