Kvar kan eg reise?

NHH samarbeidar med ei rekkje utanlandske lærestadar. Det gir deg som student eit eineståande høve til å få internasjonal erfaring som ein del av studieprogrammet ved NHH.

Vel region i menyen under for å sjå kva lærestadar NHH samarbeidar med

 
Reis til:

Norden | Vest Europa | Sentral- og Aust Europa | Nord Amerika | Latin Amerika | Afrika og Midtausten | Asia og Oseania |

 

NHH sine utvekslingsavtalar har utspring i vårt medlemsskap i CEMS og PIM, samt deltaking i Erasmus- og Norplusnettverket. I tillegg har NHH inngått ei rekkje bilaterale avtalar, hovudsakleg utanfor Europa. Les meir om NHH sin deltaking i internasjonale nettverk her.

Ver merksam på at enkelte lærestadar er berre for masterutveksling, medan andre lærestader er berre for bachelorutveksling.

Bachelor 

Oversikt over kva lærestadar som er opne for bachelorutveksling

Master

Oversikt over kva lærestadar som er opne for masterutveksling 

Sommarkurs

Mange ønskjer å bruke sommarferien til å ta eit sommarkurs i utlandet. Dei studiepoenga ein produserer i løpet av eit slikt opphald kan dessverre ikkje passast inn som ein del av graden her på NHH. Internasjonalt kontor kan dessverre derfor ikkje bistå studentar som ønskjer å reise ut på slike individuelle opplegg. 

Nordic Centre ved Fudan University i Shanghai, Kina tilbyr NHH-studentar å delta på sommarkurs. Det er opna for at studiepoenga ein produserer på kurset kan passast inn som ein del av NHH-graden. Søknad om å få delta på dette sommarkurset kan sendast inn til Internasjonalt kontor. Les meir om dette sommarkurset her.