På denne sida finn du den informasjonen du treng for å kunne søkje om utveksling både på bachelor- og masternivå. Søknadsweb opnar fredag 11.mai 2012 for søknad om utveksling på bachelornivå våren eller hausten 2013. Siste frist for å søke er 1.juni 2012.
Trinn 1: Søk via Søknadsweb
For innlogging bruker du ditt fødsels- og personnummer. Pin-koden lager du sjølv dersom du ikkje allereie har ein. Pass på å ikkje avslutte registreringa før du har trykt 'Send søknad' og følgjeleg fått opp bilde med opplysningar om din søknad.
I Søknadsweb kan du priortere opptil 20 lærestadar - ønskjer du å prioritere fleire kan du levere inn ei liste over disse til Internasjonalt kontor i løpet av 1. februar 2012 (utveksling på masternivå) eller 1.juni 2012 (utveksling på bachelornivå).Du kan priortere så mange skular du vil, men det er viktig at du berre fører opp skular du er motivert for å reise til. Vi forventar at studentar takkar ja til plassen dei blir tildelt, også om dei får tildelt ein plass som kanskje står nedst på prioriteringslista. Det er svært uheldig at ein student trekkjer seg frå ein tildelt plass fordi det kan bety at ein annen student går glipp av moglegheita til å reise til den aktuelle lærestaden.
Dersom du kun søkjer friplassar ved lærestadar som også tilbyr betalingsplassar må dette alternativet leggjast inn i prioriteringslista di i Søknadsweb (kode 2450).
Vi vil legge ut informasjon om når Søknadsweb blir opna for å sende inn søknadar, det skjer ca 2-3 veker før søknadsfristen går ut.
Trinn 2: Innlevering av søknad
Kvittering med prioriteringar frå Søknadsweb skal skrivast ut og leverast inn til Internasjonalt kontor i løpet av fristen 1. februar for masterstudentar og 1.juni for bachelorstudentar. Følgjande dokument skal leggjast ved:
Motivasjonsbrevet kan skrivast på generelt grunnlag, eller meir spesifikt retta mot kvifor du ønskjer å få plass ved eit eller fleire universitetar dersom du har ein særskild motivasjon for å søkje akkurat der.
Dei plassane det går an å søkje på kan variere litt frå år til år. Dette har som regel med balansen inn og ut på avtalane å gjere. Her finn du oppdaterte lister over kva lærestadar som er søkbare:
Engelsk:
For søkjarar til engelskspråklege lærestadar vil kvalifikasjonar i engelsk bli vektlagt. Men i dei aller fleste tilfelle er våre studentar fritatt kravet om å bevise språkkunnskapar gjennom å ta ein språktest eller liknande.
Det fins likevel eit par unntak:
Oppfyller du ikkje desse krava kan du framleis søkje om opptak til Australia, New Zealand, UC San Diego, Yonsei University, American University eller Thammasat University, men då må du bevise at du oppfyller lærestadane sitt språkkrav ved å avlegge ein engelsktest. Du kan ta TOEFL- eller IELTS-testen. Du treng ikkje å ha avlagt testen før du søkjer. Dei fleste lærestader godtek ein TOEFL test arrangert av NHH, men det kan for enkelte lærestadar vere aktuelt å ta ein ekstern TOEFL test.
Informasjon om påmelding til TOEFL-testen finner du her.
Informasjon om påmelding til IELTS-testen finner du her.
Andre språk:
Viss du søkjer fransk-, tysk- eller spanskspråklege skular må du kunne dokumentere språkkunnskapar tilsvarande to modular i det respektive språkvalfaget her på NHH. Dette er fordi undervisninga vanlegvis forgår på det lokale språket og at avtalane med lærestadane krev at vi sender studentar som har gode språkkunnskapar.
I tildelinga av plassar legg vi vekt på studentane sin motivasjon i søknaden, språkkvalifikasjonar, faglege resultat og utanomfagleg engasjement, og tek på bakgrunn av dette ei heilheitsvurdering av studenten sine kvalifikasjonar og motivasjon for å reise på utveksling.
Svar på søknaden om utveksling på masternivå vil vere klart i byrjinga av mars. På bachelornivå vil vere klart i samband med semesterstart påfølgjande haust.