Stipend og lån i samband med utvekslingsopphald

Lånekassen

Utvekslingsstudentar mottek lån og stipend frå Lånekassen som utanlandsstudentar, det vil seie at støttebeløpet frå Lånekassen blir tildelt i ein sum i samband med semesterstart hjå vertsuniversitet. Det er ein føresetnad for å få full støtte at faga du tek på utveksling tilsvarar like stor semesterbelastning som eit normalt semester i Norge krev.

Basisstøtten er lik for alle som tek høgare utdanning på fulltid, både i Norge og i utlandet. Reisetillegg vert gitt til ein reise tur-retur frå Norge til studiestaden ved opphald på under seks månadar. Reisetillegget blir gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån. I tillegg til basistøtte og reisetillegg er det høve til å søkje om støtte til å betale skulepengar og til å ta ein førebuande språkkurs ved behov.

Slik søker du om støtte til delstudiar i utlandet frå Lånekassen


Skulepengestøtte

Ein del av våre samarbeidsuniversitet, særskilt utanfor Europa, opererer med studieavgifter (skulepengar). Lånekassen tilbyr ekstra støtte til å betale slike skulepengar. Skulepengestønaden vert gitt som 70 % stipend og 30 % lån både dersom du studerar på masternivå eller på bachelornivå. Du kan få opp til 58 050 kroner per semester til skulepengar, støtte utover 29 685 kroner blir gitt som lån (oppdaterte tal for skuleåret 2012 - 2013). Meir om skulepengestønad.

Støtte til språkkurs

Når undervisningsspråket ikkje er engelsk kan du få ca. 17.000 kr i ekstra stipend frå Lånekassen viss du tek språkkurs i undervisningsspråket før delstudiet tek til. Kurset må vare i minst 4 veker, ha minst 15 timar undervisning per veke og det påfølgande delstudiet må vare i minst eitt semester. Saman med søknaden om språkstipend (ikkje standardisert skjema) må du leggje ved opptaksbrev som viser lengd og tidsrom for kurset. Lånekassen sitt regelverk for støtte til språkkurs finn du her.

Erasmusstipend

Alle NHH-studentar som reiser på utveksling til EU-land vil automatisk ta imot Erasmusstipend frå Internasjonalt kontor, men ein kan berre få dette stipendet til studiemobilitet ein gong. Det betyr at dersom du får Erasmusstipend til utveksling på bachelornivå, eller har vore på utveksling med Erasmusstipend før du begynte på NHH, er du ikkje kvalifisert til å få dette stipendet ein gong til ved eit seinare utvekslingsopphald. Du kan søkje om Erasmusstipend til praksisopphald, til dømes i samband med praksisopphald i CEMS-programmet, sjølv om du har mottatt Erasmusstipend i samband med studiemobilitet tidlegare. Stipendprogrammet er ein del av EU sitt "Life Long Learning Programme" (LLP) for institusjonssamarbeid innanfor utdanningssektoren. For meir informasjon sjå SIU sine ERASMUS-nettsider.

Du kan også få Erasmusstipend til Erasmus sine språkkurs i alle språk anna enn engelsk, tysk, fransk og spansk. Søknadsfrist 1.juni om du skal ut i høstsemesteret og 30.oktober i vårsemester. Mer info om Erasmus Intensive Language Courses (EILC) her.

Nordplusstipend

NHH-studentar som reiser på utveksling i Norden, vil anten få Erasmusstipend eller eit eige Nordplusstipend. Ein kan få Nordplusstipendet meir enn ein gong, og viss ein til dømes allereie har mottatt Erasmusstipendet ein gong tidlegare kan ein få Nordplusstipend neste gong viss ein vel å reise på utveksling i eit av dei nordiske landa.
  

E.ON Ruhrgas-Stipend

E. ON Ruhrgas-stipend er oppretta for å styrke og utvide samarbeidet mellom Norge og Tyskland gjennom auka akademisk utveksling innan fagområda økonomi, rettsvitskap og statsvitskap. E. ON Ruhrgas-stipend vert administrert av Norges Forskningsråd i samarbeid med Stifterverband für die Deutsche Wissenschaft.
 
Meir informasjon om Ruhrgas finn du her: www.forskningsradet.no/is Klikk deretter på Tyskland Ruhrgasstipend.

Merk at du kan ikkje få Erasmusstipend viss du får tildelt Ruhrgasstipend, men Ruhrgasstipend er så generøst at du vil uansett kome betre ut av det enn viss du reiser ut med Erasmusstipend.

Søknadsfrist: 15.02.2012 (e-søknad sendast direkte til Norges Forskningsråd. Motivasjonsbrev må vere på tysk eller engelsk.)
 

Internasjonale stipend (IS) frå Norges forskingsråd

IS administrerar stipendprogram for forskarar, studentar og kunstnarar som ønskjer eit fagleg opphald i utlandet. Meir informasjon fins på www.forskningsradet.no/is