Før du reiser ut

Er du interessert i å ta eit semester i utlandet som ein del av bachelor- eller mastergraden din ved NHH er det lurt å starte planlegginga tidleg. I menyen til venstre finn du den informasjonen du treng om kva moglegheiter du har og korleis du går fram for å søkje om ein plass på NHH sine utvekslingsavtalar.

I tillegg til å bruke den informasjonen du finn her på NHH sine nettsider tilrår vi deg å bruke så mange informasjonskanalar som mogleg i denne planleggingsfasen:

  • Ta kontakt med internasjonale studentar på utveksling ved NHH
  • Bruk heimesidene til dei universiteta du kan søkje deg til aktivt
  • Delta på informasjonsmøte om utveksling som Internasjonalt kontor ved NHH arrangerer i forkant av søknadsfristen
  • Ta kontakt med Internasjonalt kontor og få gode råd og tips
  • Sjekk også ut moglegheitene på lærestadar du kanskje ikkje i utgangspunktet trur er aktuelle