Studentkort

Studentkort vert skrive ut av NHH. Kortet vert brukt som legitimasjon, mellom anna ved eksamen og som lånekort i biblioteket. Kortet vert også nytta i samband med utskrifter på høgskulen sitt dataanlegg.

Semesterkort:
Studentkortet er berre gyldig saman med semesterkort som er skrive ut av høgskulen for gjeldane semester. Ein får semesterkortet sendt i posten (til semesteradressa) når ein har betalt semesteravgifta og fullført semesterregistreringa.

Korleis får ein studentkort?
Nye studentar får studentkortet etter at ein har fotografert seg. Denne fotograferinga skjer første veka ved studiestart. Studentkortet skal signerast ut i Infosenteret når det er klart.

Tap av kort
Mistar du eller blir fråstolen studentkortet ditt, må du betale eit gebyr på kr 150,- for nytt kort.
 Frå 1.april 2008 må du betale kr 300 om du har mista kortet ditt meir enn to gongar.  Du må tinge nytt studentkort i Infosenteret og det tek normalt 2 dagar til kortet er klart for henting. Ein betalar kr 150 ved tinging av kortet. Om du mistar eller vert fråstole kortet ditt, meld i frå til Infosenteret i opningstidene (09.00-11.15 og 12.00-14.30) og eller på telefon: 55 95 92 00.

Studentar som tidligare har mista kort og som finn det att - må betale kr 100 for å få aktivert eit gamalt kort igjen.

Øydelagt kort /gamalt kort
Dersom kortet ditt er øydelagt eller gamalt, kan du tinga nytt i Infosenteret. Ein må då levere inn det gamle kortet og det tar normalt 2 dagar til nytt kort er klart for henting.

Påfylling av studentkort
Ein fyller pengar på studentkortet hos Brukarstøtta via følgande side: epay.nhh.no 

Utvida tilgong på kortet
Ein kan søkja om utvida tilgong til parkering på studentkortet. Då må ein søkja direkte til Studieadministrasjonen med søknadsskjema som ein finn her: http://www.nhh.no/no/studentar/studieinfo/skjemaer.htm