Reservasjon av undervisningsrom og auditorium til studentaktivitetar

NHH sine rom kan nyttast til aktivitetar i regi av grupper knytt til NHHS. Auditoria er tilgjengelege for slike aktivitetar om det ikkje er undervisning eller anna fagleg aktivitet i dei. Det skal gjerast avtale før auditoria kan nyttast.

For booking av kollokvierom, gå til: https://booking.nhh.no

Retningslinjer for reservasjon av rom:

  • Det vil ikkje verte flytta på planlagde aktivitetar for å gje plass til studentarrangement. Grunna undervisning er det sjeldan mogleg å få reservert heile dagar i undervisningssemesteret.
  • Det er ikkje høve til å be forelesarar om å avlyse aktivitetar
  • Romma er tilgjengelege måndag til fredag frå klokka 0815-2045 og laurdag frå klokka 0815-1600
  • Reservasjonar må gjerast i god tid før arrangementet. I førespurnaden må du gje informasjon om følgjande:
    • størrelse på rommet (forventa tal på deltakarar)
    • dato og tid for arrangementet
    • kontaktperson (telefon og e-post)

    Førespurnaden kan sendast til: booking@nhh.no Du vil få svar så snart som råd, men seinast innan tre verkedagar.

    NB! Minner igjen om at tilbudet kun gjeld aktivitetar i regi av grupper knytt til NHHS!

Reglar for lån av rom

  • Romma skal vere rydda og gjort klar for undervisning når gruppa forlet rommet
  • Stolar og bord skal ikkje flyttast - stripsa som held borda saman skal ikkje øydeleggast
  • Det er ikkje lov å servere mat i auditoria

Oversikt over rom og størrelse

Namn Tal på sitteplassar
Aud Max 390
Dag Coward 312
Aud C og Jan Mossin 138
Finn Kydland og Terje Hansen 106
Aud 14 og aud 24 60
Aud 11 og aud 21 32
Aud 12, 13, 22 og 23 40
Karl Borchs auditorium 60
M10 72
M11 46
M12 32
M33 94
M44 60
M45 30
M46 100
   
BU12 (PC rom) 23
MV409 (PC rom) 28
MV502 (PC rom) 27
M20 (PC rom) 34
M24 (PC rom) 24
M25 (PC rom) 21