NHH har ikkje parkeringsplassar for studentar.
Følgjande unntak er gjort:
* Helsemessige årsaker
* Henting og bringing av born
For å kunne parkere på NHH sine parkeringsplassar (ved hovedbygget) som student, treng du parkeringsløyve på studentkortet ditt. For å få tilgang til dette må du sende inn ein skriftleg søknad, og skriftleg dokumentasjon (til dømes legeattest, stadfesting frå barnehage/kvittering barnehageavgift).
Frist 1.februar i vårsemesteret og 1.september i høstsemesteret
Dette må leverast/sendast SNARAST til Studentekspedisjonen saman med eige søknadsskjema (Word-fil). Du vil få ein epost om du har fått parkeringsløyve.
Når du har fått løyve vil du kunne bruke studentkortet til å opne bommen inn til parkeringsplassen.
Det er ikkje tillatt for studentar å parkere ved Merinobygget. Kun ved særskilte behov som handicap parkering o.l. Ta evt kontakt med Infosenteret.