Lesesalar
Høgskulen sine lesesalar kan nyttast av NHH sine studentar til lesing og førebuing.
For at ditt opphald på lesesalen skal verte så triveleg som mogleg og at du får god nytte av opphaldet der, er det utarbeidd vilkår for bruk av for lesesalane:
- Stille lesesal – inga snakking eller bruk av mobiltelefon (lydlaus utan vibrering). Vis omsyn ved bruk av pc så du ikkje uroar dine medstudentar.
- Ingen reservasjon – ingen har faste plassar utan særskild løyve (sjå teksten under). Forlet du plassen i meir enn 30 minuttar må du rydde tinga dine, og leggje att ein lapp kor det står når du forlet plassen og når du er attende. Heilt fram til tidspunktet du er tenkt å komme attende kan plassen nyttast av andre. Er ikkje vedkommande attende seinast 15 minuttar etter dette tidspunktet, mistar ein disposisjonsretten over plassen. Plassen kan kun reserverast i inntil 2,5 timar.
Dette vil seie at det ikkje er lov til å leggje att personlege eigendelar over natta, eller reservere plass om ein skal vere borte lengre tid enn nemd over. Det er ikkje høve til å reservere plass til bekjente.
Det er heller ikkje lov å la bøker og andre eigedeler liggje att i hyllane på lesesalsplassane.
På nokre av lesesalane er det sett inn ekstra hyller der ein kan oppbevare bøker på eige ansvar. Desse er plasserte for seg sjølve, ikkje i tilknyting til lesesalsplassane.
For å unngå at studentar reserverer plass, vil det frå tid til anna bli gjennomført uannonserte ryddeaksjonar, der bøker og andre eigendelar vert fjerna frå plassane.
- Rydding - rydd etter deg - det er inga andre si oppgåve
- Drikke med lokk - bruk kopp med lokk eller flaske med topp
- Inga varm mat - et varmmaten din i kafeen
Tilsvarande vilkår for bruk er utarbeidd for grupperomma, auditoria, biblioteket, PC rom, studentkafè med vidare.
Merk også følgjande:
- Det er ikkje høve til å reservere faste plassar for anna enn studentar med funksjonshemming. Slike plassar vert reserverte ved å søkje til Studieadministrasjonen v/eksamenskontoret.
- Det er tilgjengeleg nokre plassar på lesesalen i 5 etasje på Merino og i 3 etasje i Servicebygget til studentar som leverer barn i barnehage/skule og som ikkje har høve til å komme til skulen tidleg for å få plass på lesesalen. Plassane er reserverte fram til klokka 10, etter dette er plassane tilgjengelege for alle om dei framleis er ledige. Studentar som har høve til å nytte desse plassane kan identifisera seg med eit kort som seier: ” Eg leverar barn i barnehage/skule”. Ta kontakt med Infosenteret for nærmare opplysningar om ordninga.
- Husdyr har ikkje høve til å vera med på lesesalen – dei skal vere att heime på hybelen.
Følgjande lesesalar er tilgjengelege:
Bachelor:
Merino 5.etasje
Service 3.etasje
Master:
Merino 3.etasje
Service 2.etasje
MRR:
Merino mellometasje
Merino 3. etasje øst
Felles:
Arbeidsplassar i biblioteket
Lesesal på Hatleberg