SERVICEERKLÆRING FOR INTERNASJONALT KONTOR

 

"Internasjonalt Kontor skal yte god og rask service, samt gi riktig og relevant informasjon til de definerte målgruppene."

Målgruppe:

Internasjonalt kontor har 3 definerte målgruppe, 2 av desse er interne:

Interne:

  • Utreisande studentar.
  • Innkomande studentar.

Eksterne:

  • Søkjarar om rett til å bruke Siviløkonomtittelen (norske og utanlandske).

Delområde:               

  • Utreisande studentar
  • Innkomade studentar
  • Søkjarar om rett til å bruke Siviløkonomtittelen

 

Utreisande studentar:

  • Informasjonsmateriell om utveksling vil vere oppdatert og gi god informasjon om praktiske spørsmål i samband med utveksling.
  • Det vil verte arrangert informasjonsmøte ved semesterstart og i samband med søknadsfristar 
  • Søknad om utveksling vil vere ferdig handsama innan 6 veker etter søknadsfristen kvart semester.
  • Internasjonalt kontor vil vere tilgjengeleg for spørsmål og rettleiing i kontoret sine opningstider (kl 0900-1100 og kl 1200-1430). Informasjonsmateriell fra samtlege av NHH sine samarbeidspartnarar er tilgjengeleg på Internasjonalt kontor.
  • Stipend vil bli utbetalt til studentane i august og januar.
  • Søknad om førehandsgodkjenning vil bli handsama innan 3 veker.
 
Det vert forventa at utreisande studentar:
 
  • Gjer seg kjent med kva fristar og reglar som gjeld for utveksling frå NHH.
  • Set seg inn i kva reglar som gjeld for å få lån og stipend til studiar i utlandet.
  • Førebur seg godt i samband med søknadsprosessen og utvekslingsopphaldet.
  • Held Internasjonalt kontor oppdatert på endringar i adresse og telefonnummer, kursval, etc.
  • Skaffar nødvendig dokumentasjon i samband med søknad om førehandsgodkjenning: kursbeskrivelse; innhald, fagplan m/pensumspesifikasjon, nivå, årstrinn for det aktuelle kurset, omfang; totalt tal på undervisningstimar for kurset, talet på credits (spesifiser om det er ECTS credits), timar pr veke, kor stor del av normert fulltidsbelastning kurset er vekta, evalueringsform/karakterfastsetting (skriftleg/munnleg eksamen, innleveringar, presentasjonar, etc.).
  • At studentane er gode ambassadørar for NHH og Norge, og rettar seg til reglar og retningsliner på den utanlandske lærestaden.
  • Leverer inn studentrapport til Internasjonalt kontor om utvekslingsopphaldet innan 3 veker etter avslutta studieopphald. 

 

Innkomande studentar:

  • Vil få oppdatert informasjonsmateriell tilsendt i god tid før semesterstart.
  • Internasjonalt kontor vil informere om og tilrettelegge for så vel det faglege som det praktiske i samband med studieopphaldet ved NHH.
  • Internasjonalt kontor vil hjelpe til med innkvartering.
  • Internasjonalt kontor er tilgjengelege for spørsmål og rettleiing i kontoret sine opningstider (kl 0900-1100 og kl 1200-1430).
 
Det vert forventa at innkomande studentar:
  • rettar seg etter reglar og retningsliner ved NHH og ved Hatleberg Studentheim.

 

Søkjarar om rett til å bruke Siviløkonomtittelen:

 

  • Internasjonalt Kontor skal informere om gjeldane reglar om rett til å bruke tittelen "Siviløkonom" for kandidatar med utanlandske eksamenar og grader.
  • Handsamingstid på søknad om førehandssgodkjenning/endeleg godkjenning av rett til å bruke tittelen "Siviløkonom" vil vere på 4 veker.
  • Internasjonalt kontor er tilgjengeleg for spørsmål og rettleiing i kontoret sine opningstider (kl 0900-1100 og kl 1200-1430).
 
Det vert forventa at søkjarar om rett til å bruke Siviløkonomtittelen:

Førehandsgodkjenning:

Endeleg godkjenning:

    • namn og adresse
    • fødselsdato og fødestad
    • forutdanning (vidaregåande skule og liknande)
    • dato for opptak ved utanlandsk institusjon
    • vitnemål/karakterutskrift av all utdanning f.o.m. vidaregåande skule. Det må framgå kva kurs og eksamenar som er gjennomgått, og kva akademiske grader som er oppnådd.
 

Sender inn søknad med følgande opplysningar: Skaffar studieplan som viser studiestruktur, og gir fagbeskrivelsar av dei ulike faga.