Om Internasjonalt kontor

Tilsette på Internasjonalt kontorNHH sitt internasjonale kontor vart etablert som ei eigen administrativ avdeling i 1993. Hovudoppgåva er å ivareta NHH sine internasjonale aktiviteter.

Det mest synlege beviset på NHH sitt samarbeid med utanlandske utdanningsinstitusjonar er dei ulike studentutvekslingsprogramma, som har eit stort omfang på NHH.

Over 50% av studentane vel å reise på utveksling i løpet av studiet sitt, noko som er ein svært høg andel, både samanlikna med andre institusjonar og sett i forhold til nasjonale og europeiske målsetningar. NHH tek også i mot eit stading aukande tal av internasjonale studentar.

Dei fleste av NHH sine internasjonale aktivitetar er organisert gjennom nettverk av samarbeidande institusjonar, der CEMS (the Global Alliance in Management Education) er det viktigaste.

Totalt har NHH etablerte samarbeid med over 130 framifrå universitet og handelshøgskular verda over. Internasjonalt kontor fungerer som bindeledd mellom studentar og tilsette på NHH og dei utanlandske samarbeidspartnarane.

Les meir om NHH si deltaking i internasjonale nettverk her.

Informasjon om

Kontakt

Post/besøksadresse:
NHH, Internasjonalt kontor
Helleveien 30
N-5045 Bergen
Norway

Telefon: 55 95 93 00
Fax: 55 95 97 47
Epost: int.stud@nhh.no

Opningstider:
Måndag til fredag:
9.00 - 11.00 og
12.00 - 14.30