NHHs profilmanual

På desse sidene kan du henta grafiske element til nedlasting. Vi set også pris på at du set deg inn i bruken av NHH sin grafiske profil ved å lesa gjennom profilmanualen. 

Powerpoint- og brevarkmaler

Hovudretningsliner

NHH sin visuelle profil skal brukast av alle tilsette, både til intern og ekstern kommunikasjon. Alt materiell frå NHH, til dømes brosjyrar, pennar eller presentasjonar, skal merkast i samsvar med profilen. Produkt utvikla ved NHH skal byggja på og forsterka kvarandre. Mottakarar skal ikkje vere i tvil om eit produkt er frå NHH eller ikkje.

NHH sin logo skal brukast på alt materiell som representerer høgskolen eller som er utvikla gjennom bruk av høgskolen sine ressursar eller tid. Alt materiell skal presenterast i tråd med NHH sin visuelle profil. Det er innebygd fleksibilitet i profilen, men hovudretningslinene må følgjast.


Bruk av logo
Logoen består av eit emblem med fire symbol fra historiske næringar i Noreg, samt bokstavane NHH. Logoen skal normalt ikkje løysast opp slik at bokstavane og emblemet står kvar for seg. Dei fire symbola i emblemet skal ikkje brukast på annan måte enn slik profilen tilseier.

NHHs logo er grå og blå, men kan også gjengjevast i negativ (kvit mot farga bakgrunn) eller svart/kvit om ønskeleg. Som en hovudregel skal logoen plasserast oppe i venstre hjørne.

På trykksakar som brevark, med meir, skal det i tillegg brukast ei signaturlinje som oppsett i hovudprofilmanualen med høyskolens fulle namn på norsk og engelsk.


Logoar for samarbeidspartnarar
I naturlige sammenhengar identifiserer vi NHH sin internasjonale posisjon med logoane for EQUIS, CEMS og PIM. Desse skal normalt stå samla og i denne rekkjefølgja.

Den visuelle profilen inkluderer profilerte arrangement og andre tilbod i NHH sin regi, eller i samarbeid med partnarar og sponsorar.


Font, fargar og foto
NHH sin visuelle profil har retningsliner for bruk av skrifttypar, fargar, tekst, grafiske element, foto, illustrasjonar og for presentasjon av tal. Profilen inneheld også ei rekkje malar og eksempel for bruk ved forskjellige høve og i ulike utformingar.

Nyttige profilprodukt som mapper, omslag og liknande er produsert sentralt og kan bestillast. Visittkort tinga via NHH sine nettsider for visuelle profil.

Det er også utvikla et hovudstempel for bruk ved høgskolen.


Profilen i bruk
Det vert forventa at alle tilsette nyttar NHH sine PowerPoint-malar både eksternt og internt.

Det er ei eiga visuell utforming av NHH sine nettsider, men også desse skal ha høg grad av samsvar med NHH sin visuelle profil for øvrig.

Det er utvikla ein samsvarende visuell profil for studentforeininga (NHHS). 


LOGO: 
NHH sin logo består av to element;
symbol og ordbilete.
 
 
 

 
Klikk for å opne ein større versjon av logoen

 

 

Last ned logoar

JPG - til nett
GIF - til nett (gjennomsiktig)
PSD - Photoshop dokument, til trykk
PSD hvit - til trykk
AI - adobe illustrator, til trykk
PMS blå - Til merkantile trykksakar
Sort EPS
Blå EPS
 

 

Logofargar

NHH grå:
PMS Cool grey 6 c
CMYK 0_0_0_40
RGB 174_175_178

NHH blå:
PMS 541
CMYK 100_51_0_30
RGB 0_48_99

 

 

Kontakt

Ansvaret for NHH sitt profilprogram er lagt til Informasjonsavdelinga. Oppfølging og oppdatering av profilprogrammet skjer i samarbeid med Direktørens stab. 
 

Informasjonsavdelinga:

Informasjonskonsulent
Lisbeth Heilund
tlf. 55 95 92 40
(Profilprogram, informasjonstiltak, websider, formidling m.m.)


Direktørens stab:

Førstekonsulent
Rita Thorstenson 
tlf. 55 95 92 31
(Profilprodukt, merkantile produkt, trykksakar m.m.)

Senior marknadsrådgjevar
James Hosea
tlf. 55 95 97 31
(Heilskapleg marknadsføring, annonsering, profilering, profilprodukt m.m.)