Direktøren ved NHH har det daglege ansvaret for dei administrative aktivitetane på høgskulen. Direktøren fungerer også som sekretær for styret, med ansvar for å førebu saker til diskusjon og for å rettleie styret i desse sakene.
![]() |
![]() |
|
Administrerande direktør: |
Assisterande direktør: |
|---|---|
| Ole Hope tlf. 55 95 92 32 |
Kurt Petersen tlf. 55 95 92 19 |
Forkontor: Torunn Fantoft tlf. 55 95 92 33
|
|
Administrerande direktør: Ole Hope
Ole Hope er oppvaksen i Bergen og uteksaminert frå Sjøkrigsskolens Intendanturlinje i 1986. Han har tidlegare jobba mellom anna som direktør ved Den Nationale Scene, som administrerande direktør i Grieghallen og hatt ulike direktørstillingar over fleire år i TrygVesta.
Hope har MASTRA-utdanning (MBA i strategisk leiing) frå 2003.
Han avla doktorgraden ved institutt for strategi og ledelse, NHH i mai 2010. Hope vart tilsett som administrerande direktør ved NHH i september 2010.
Assisterande direktør: Kurt Petersen
Petersen kjem opphavleg frå Jørpeland i Ryfylke. Han fekk i 1976 Siviløkonomtittelen ved NHH, og tok same år til å arbeide ved høgskulen som studierettleiar. Petersen vart studiesjef 1982, underdirektør i 1991 og har no vore assisterande direktør sidan 2002.