PIM - Partnership in International Management

 

PIM logoPartnership in International Management er eit interternasjonalt nettverk av handelshøgskular, etablert i 1973 av HEC School of Management, New York University (NYU) og London Business School (LBS). Kvar medlemsinstitusjon representerer høg kvalitet innan økonomi og administrasjon, har ein leiande posisjon i sin geografiske region og har eit masterprogram eller tilsvarande i organisasjon og leiing. NHH vart medlem av PIM-nettverket i 1995.

PIM er i dag ei samling av 54 leiande handelshøgskular verda over. Medlemsinstitusjonane har alle rykte for å ha god akademisk kvalitet, både samanlikna med andre institusjonar i sin region og globalt, og støttar organisasjonen sine holdningar til auka internasjonalt samarbeid mellom studentar, fagstab og administrasjon. PIM-medlemmane har utveksla tusenvis av studentar i løpet av dei åra nettverket har eksistert. Kunnskapen og erfaringane som PIM-nettverket representerer har gjort medlemsinstitusjonane i stand til å utvikle og styrke sine internasjonale forpliktelsar og innsats.

Medlemmane av PIM møtes kvart år for å utvikle nettverka seg imellom, dele erfaringar, legge strategiar for PIM sin framtidige utvikling og vekst og diskutere saker med påverknad på internasjonal utdanning.

Les meir om PIM her.