NORDPLUS/NOREK

¨Norden logoNORDPLUS vart etablert i 1988 som nordisk ministerråd sitt program for studentar og lærarar ved høgare utdanningsinstitusjonar i dei nordiske landa. I dag omfatter programmet de nordiske landene samt Baltikum. Programmet allokerer midlar for å finansiere samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar, med mål om å konsolidere, utvikle og forbetre undervisningskvaliteten på nordiske lærestadar. NORDPLUS oppmodar til auka mobilitet både for lærarar og studentar, i tillegg til at organisasjonen organiserer møte for administrativt tilsette ved desse institusjonane.

NOREK vart etablert i 1994 for å styrke samarbeidet mellom høgare utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon i dei nordiske landa innanfor rammene av NORDPLUS-samarbeidet. NOREK er eit nordisk nettverk for student- og lærarmobilitet, i tillegg til forskingssamarbeid, innan økonomi og administrasjon. Organisasjonen omfatter 26 institusjonar i Norden.

Hovudmålsettinga til NOREK er å stimulere til eit auka tal av student- og lærarutvekslingar og samstundes utvikle nye former for samarbeid i Norden. I programmet inngår også informasjonsdeling i samband med forskingsprosjekt. Utvekslingsprogrammet til NORDPLUS har ei viktig rolle ved NHH, saman med andre program og samarbeid, som til dømes ERASMUS.

 


For meir informasjon om studiar i Norden: www.hallonorden.org