NHH har vore ein sentral aktør ved Warsaw University of Technology Business School (WUTBS) sidan starten i 1992. Skulen vart etablert gjennom eit samarbeid mellom NHH, HEC School of Management, London Business School og Warsaw University of Technology for å tilby eit internasjonalt, engelsksspråkleg MBA-program for å møte behovet i den marknadsorienterte polske økonomien, og for å gi ein ny generasjon unge kandidatar høve til å velje nye og utfordrande karrierevegar både som ingeniørar og økonomar.
I 1996 vart ein toårig deltids-MBA lansert, noko som innebar ein monaleg auke i skulen sitt tilbod. Målgruppa for studiet er leiarar som er interesserte i å auke si forretningsforståing og som ønskjer å knytte kontakter i eit stadig ekspanderande næringslivsnettverk.
Les meir om Warsaw University of Technology Business School
The Baltic Management Institute (BMI) vart etablert i 1999 gjennom eit samarbeid mellom NHH og CEMS-medlemmane Copenhagen Business School, HEC School of Management og Louvain School of Management og Vytautas Magnus University i Litauen. BMI er lokalisert i Vilnius.
BMI er den einaste institusjonen i regionen som tilbyr eit vest-europeisk Executive MBA-program. Programmet er lagt opp av partnertskulane og professorar fra kjente handelshøgskular i Europa står for undervisninga. Desse professorane er internasjonalt anerkjente som gode forelesarar med erfaring både fra akademia og som rådgivarar for næringslivet. Studentane vert på denne måten sikra eit godt innblikk i det beste av europeiske tradisjonar og praksis på området.
Studentane ved BMI har alle erfaring fra næringslivet og er lovande, framtidige leiarar. Kvar klasse har ei avgrensing på 45 studentar, for å gjere interaksjonen mellom studentane og professorane best mogleg. Sidan etableringa i 1999 har om lag 300 næringslivsleiarar vore gjennom BMI sitt internasjonale EMBA-program, med gode resultat.
I tillegg til dette programmet tilbyr også BMI ”Executive Education” for å hjelpe bedrifter og enkeltpersonar med å opptre mest mogleg effektivt i eit stadig skiftande miljø. Desse seminarene holdes av de samme fagpersonene som bidrar til EMBA-programmet. Seminara er også tematisk tilsvarande det som vert tilbode på fulltidsstudiet, og spenner over felt som marknadsføring, finans, E-handel, organisasjon og leiing, leiing av menneskelege ressursar og strategi.
Les meir om Baltic Management Institute