ERASMUS

ERASMUS er EU sitt program for samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Europa og det er ein del av EU sitt program for livslang læring (LLP).

ERASMUS-programmet består av mange ulike aktivitetar som student- og lærarutveksling, felles utvikling av studieprogram, internasjonale intensivprogram, tematiske nettverk mellom avdelingar og fakultet over heile Europa, språkkurs og European Credit Transfer Stystem (ECTS).

Inspirert av ein mobilitetstradisjon som går heilt tilbake til mellomalderen, passar ERASMUS og dei tilknytte aktivitetane godt inn i Bolognaprosessen sine planar om å oppnå eit felles område for høgare utdanning innan 2010.

Les meir om ERASMUS-programmet på SIU sine nettsider.