NHH har alltid hatt ei sterk internasjonal orientering. Ein stor del av fagstaben har si doktorgradsutdanning frå nordamerikanske og europeiske universitet og fleire av professorane ved NHH er internasjonalt anerkjente som leiande fagpersonar innan sine felt. Deltakinga i internasjonale forskingsnettverk, utveksling av medlemmer av fagstaben, publisering i internasjonale tidsskrift og internasjonal studentutveksling er også veldig viktig for NHH.
Kvart år er skulen vertskap for internasjonale workshops og seminar og NHH sine kurs har med jamne mellomrom også internasjonale gjesteforelesarar.
Akkreditering i European Quality Improvement System (EQUIS) - sikrar at NHH kontinuerlig jobbar for å bevare eit stabilt og høgt nivå på både forsking og utdanning. Medlemsskap i The Global Alliance in Management Education (CEMS), Partnership in International Management (PIM) og bilaterale avtaler inneberer at NHH har samarbeid med verdsleiande utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon. NHH er også ein aktiv deltakar i utdanningsprogram under NORDPLUS/NOREK- og ERASMUS- paraplyane og var Norge sin representant i pilotprosjektet som etablerte European Credit Transfer System (ECTS), som har erstatta det tidligare vekttalssystemet i høgare utdanning. Den norske medlemskapen i Bolognaprosessen inneberer for NHH at skolen nå følgjer den europeiske modellen med bachelor, master og doktorgradsstudiar (3+2+3).
NHH sine fagfolk vert oppfordra til å ta forskingssemester ved institusjonar utanfor landegrensene og saman med andre leiande økonomiske høgskular er NHH aktiv i utviklinga av nye utdanningsprogram i økonomi og administrasjon ved partnerinstitusjonar i Sentral- og Aust-Europa. Desse inkluderer Warsaw University of Technology Business School (WUBTS) og Baltic Management Insitute (BMI).
Det mest synlege beviset på NHH sitt samarbeid med internasjonale partnarar er studentutvekslingsprogramma, som har eit stort omfang ved NHH. Omlag 50 % av NHH sine eigne studentar tar minst eit semester på utveksling, og dette er godt over både nasjonale og europeiske målsetningar. EU har til dømes som mål at 10 % av alle studentar på høgare utdanning skal delta i eit utvekslingsprogram i løpet av utdanninga si.
NHH sitt samarbeid med utanlandske lærestadar og forskingsinstitusjonar vert organisert gjennom Internasjonalt kontor, som vart etablert i 1993. Internasjonalt kontor fungerer som bindeledd mellom studentar og tilsette ved NHH og skulen sine internasjonale samarbeidspartnarar.
NHH har samarbeidspartnarar over heile verda og kan skilte med stor internasjonal breidde.
