The Global Alliance in Management Education (CEMS)

CEMS er ein allianse mellom næringsliv og høgare utdanning. For tida omfattar den 28 framifrå akademiske institusjonar og over 55 av verdas leiande multinasjonale selskap.

Gjennom sin heilt unike Master in Management (CEMS MIM) set CEMS ein høg global standard for utdanning innan økonomi og administrasjon. Programmet vert tilbode ved alle medlemsinstitusjonane og blir ivaretatt gjennom det langvarige undervisnings- og forskingssamarbeidet mellom alle deltakarane i nettverket.

Det er berre ein skule i kvart land som får tilbod medlemsskap i organisasjonen, noko som er med på å gjere CEMS-tilknytinga prestisjefull. Bedriftspartnarane i CEMS får, i tillegg til at dei bidreg til dei akademiske delane av CEMS, eit unik høve til å rekruttere dei beste studentane frå CEMS MIM.

CEMS tilbyr også eit eneståande kulturelt mangfald. Over 4000 CEMS kandidatar med 44 ulike nasjonalitetar har i dag posisjonar på ulike nivå i eit bredt spekter av sektorar både i og utanfor Europa. Dei har suksess i yrkeslivet, deler globale verdiar og deltek i både sosiale og profesjonelle CEMS alumniaktivitetar.


CEMS gjekk i 2008 frå å vere eit europeisk nettverk til å omfatte medlemsinstitusjonar frå heile verda. CEMS-medlemmane står for profesjonell, multikulturell utveksling av idear innan økonomi og administrasjon. Til saman representerer dei framtida for det globale næringslivet. NHH har vore medlem av CEMS-nettverket sidan 1992.

Les meir om CEMS