
Sia 1950-åra, har fiskeria i hovudsak vore forvalta gjennom fangstmengde og tidsperiode. Dei siste ti åra har derimot fokuset blant fiskeriøkonomar flytta seg mot fordeling av ein ressurs og innsatsen i fiskeriet over eit eller fleire områder. Viktige tema har vore biologiske og økonomiske forhold som endrar seg over og mellom områder, dynamikken i bestandar som finnes i ulike område og korleis forvaltninga avheng av alle desse tinga. I framtida kan marine reservat og anna områdespesifikk forvaltning verte like viktig som mengde og periode.
I avhandlinga Spatial Analysis in Fisheries Economics diskuterer Sturla Furunes Kvamsdal ulike fasettar av desse problemstillingane. Eit viktig funn er at ved usikkerhet rundt biologiske forhold, som til dømes vekstrate, kan ei områdespesifikk forvaltning veære å føretrekke. Det være seg lukking av område der bestanden er skjerma frå fiske (marine reservat) eller områdespesifikke kvoter.
Hovedveileder: Professor Rögnvaldur Hannesson, NHH