NHH Blblioteket - mål og strategiar
NHH Biblioteket - mål og strategiar
Biblioteket sin strategi er forankra i høgskulen sitt strategidokument, Strategi for NHH 2010 – 2013: Strategisk fundament for NHH
Visjon og formål
NHH Biblioteket skal gjennom fagleg styrke, relevant samling og høvelege tenester bidra til å styrke NHH som ein handelshøgskule av leiande internasjonal klasse, og som drivkraft for samfunns- og næringsutvikling.
NHH Biblioteket er ein integrert del av NHH si verksemd og skal være ein sentral del av NHH sin forskingsinfrastruktur. Biblioteket skal skaffe til vege informasjonsressursar, drive aktiv brukaropplæring og rettleiing, støtte registrering, formidling og rapportering av forskingsresultat.
NHH Biblioteket skal tilby studentane eit godt fysisk arbeidsmiljø og riktige læringsressursar. Biblioteket skal være ei støtte i læringsprosessen og bidra aktivt til å styrke brukarane sine informasjonsferdigheiter.
NHH Biblioteket skal ha ein personalpolitikk som fremjar tilsette si faglege utvikling, og som set oss i stand til å møte dei omstillingskrav som eit moderne forskingsbibliotek står overfor. Biblioteket skal sikre kvaliteten på tenestene ved aktiv bruk av indikatorar og styringsdata.
Biblioteket som eit senter for læring
- Biblioteket skal tilby eit attraktivt fysisk arbeidsmiljø for biblioteket sine brukarar.
NHH Biblioteket skal tilby eit attraktivt arbeidsmiljø for biblioteket sine brukarar med gruppearbeidsplassar, individuelle arbeidsplassar, stille soner og tilgjengeleg rettleiing.
- Biblioteket skal tilby rettleiing og opplæring når brukaren har bruk for det.
NHH Biblioteket skal bidra til å fremje studentane sine informasjonsferdigheiter ved å tilby kurs i bruk av databasar, referansehandtering, referanseetikk og evaluering av informasjonskjelder.
- Biblioteket skal tilby læringsressursar som støttar opp under fag og undervising ved NHH.
NHH Biblioteket skal ha eit omfattande tilbod for læringsressursar tilpassa alle nivå frå grunnivå til doktorgradsnivå innafor økonomisk-administrative fagområde. Tilbod og kvalitet på læringsressursar skal dekkje studentane sine behov for læremiddel og databasar i forbindelse med oppgåver og sjølvstendig arbeid som ligg innafor ramma av kursprogramma dei følgjer ved NHH.
Biblioteket som forskingsbibliotek
- Biblioteket skal ha ein samlings- og innkjøpspolitikk som støttar forsking og undervising ved NHH.
NHH Biblioteket skal ha ein sentral plass i NHH sin forskingsinfrastruktur, som inneber eit tett samarbeid med forskings- og undervisningsmiljøet.
Biblioteket skal sikre effektiv navigering til relevante informasjonsressursar via biblioteket sine heimesider.
- Biblioteket skal leggje til rette for registrering, rapportering og formidling av forskingsdokumentasjon.
NHH Biblioteket skal støtte registrering i forskingsdatabasen og kvalitetssikre data.
Biblioteket skal gjere NHH si forsking tilgjengeleg nasjonalt og internasjonalt.
- Biblioteket skal arbeide for dokumentasjon og gjere tilgjengelig NHH si faghistorie.
Biblioteket som fagbibliotek
- Biblioteket skal delta i utviklinga av fagbiblioteksektoren i Noreg.
Biblioteket skal nyttiggjere seg av fellesløysingar og kunnskap i fagbiblioteksektoren for å vidareutvikle eigne tenester.
- Biblioteket skal ha kunnskap om elementære trekk ved fagleg tekstproduksjon, krav til vitskapeleg publisering, og kjenne til publikasjonsformer- og kanalar som vert nytta i NHH si faglege verksemd.
- Biblioteket skal stimulere til nysgjerrigheit og interesse for fag, faghistorie og ny forsking og litteratur innafor det økonomisk-administrative fagområde.
Biblioteket som organisasjon
- Biblioteket skal være ein lærande organisasjon
o Delta på kurs, seminar og konferansar i inn- og utland
o Etter- og vidareutdanning
o Studiereiser
o Delta i faglege nettverk nasjonalt og internasjonalt med andre universitet og høgskuler og faglege foreiningar
- Biblioteket skal arbeide aktivt med relasjonane til studentar, fagstab og administrative einingar.
- Biblioteket skal oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.