Vanleg lånetid er 4 veker; pensumlitteratur 2 veker.
Tidsskrifter og årsmeldingar lånast ikkje ut.
Nokre tenester må ein *betala for*.
Lånetiden må respekterast (purregebyr kr. 25.- pr purring). Bøker som er innkalla til bruk for andre, må leverast umiddelbart. Øvrige lån kan vanlegvis fornyast 1 gong.
Ved lengre fravær eller flytting frå regionen, skal alle lån returnerast. Det er ikkje tillaten å ta bøkene med ut av landet. Viderelån er ikkje tillate
Låntakarkortet er personleg, og innehavar er ansvarleg for alle lån på kortet. Tap av låntakarkort må straks meldast til biblioteket. Lånar plikter å melde adresseforandring direkte til biblioteket.
Tap eller skade på materiale medfører ansvar for skadebot. Ved tilbakelevering, etter at skadebot er betalt, kan noko av beløpet refunderast. Omkostninger vert ikkje refundert. Krav om skadebot på innlånt materiale refunderast ikkje.
Brot på låntakarreglene kan føre med seg tap av rett til lån og andre tenester.
For meir informasjon, kontakt Kari Kristiansen.