Servicefråsegn

SERVICEFRÅSEGN

 

For å utvikle og betre tilhøva mellom administrasjonen og brukarane av administrasjonen, skal etatar utarbeide servicefråsegner for brukarane sine. Administrasjonen ved institutta har utarbeidd den aktuelle servicefråsegna som rettar seg mot studentar på bachelor- og mastergradsstudiet ved NHH.

 

Overordna målsetjing

Institutta skal levera undervisning, rettleia studentar i deira utgreiingar og ha det faglege ansvaret for eksamen.

 

Institutta vil gje god service og informasjon innanfor ansvarsområda sine. Vi tek sikte på ei handsaming som er i tråd med god forvaltningsskikk, og freistar å gje brukarane ei god forståing av dei avgjerder som vert tatt.  

 

I undervisings- og eksamensperiodar kan du rekna med å treffe ein sakshandsamar frå 0900 til 1500.

 

 

Studenttenester

Studieadministrasjonen ved NHH tek seg av dei fleste administrative studenttenestene. Instituttet har ingen påverknad på avgjerder som gjeld opptak, semesteravgift, utdanningsplan, semesterregistrering, eksamens- og kurspåmelding (også hospitering), karakterutskrifter og vitnemål. Studieadministrasjonen tek dei endelege avgjerdeneslene om fritak for fag, særskild tilrettelegging av eksamen, timeplan og eksamensplan.

 

På generelt grunnlag kan du rekna med at institutta

-          informerer gjennom ein eller fleire av følgjande informasjonskanalar; It’s learning, e-post (studentkonto), eigne informasjonsmøte eller gjennom oppslag.

-          held dei fristane som gjeld (mellom anna oversending av kursgodkjenningar, sensurfristar, fristar for grunngjeving)

-          svarar deg eller gir deg tilbakemelding innan rimeleg tid

-          gjennomfører granskingar for å gjera kvaliteten på undervisninga betre

 

Institutta reknar med at studentane

-          tenkjer gjennom kva dei vil spørje om, kva slags assistanse dei treng og at dei sjekkar relevant nettinformasjon før dei tek kontakt

-          er førebudde på at det kan ta meir tid å få informasjon og hjelp i visse periodar

-          held seg kontinuerlig oppdatert på It’s learning, e-post og gjennom oppslag

-          bidrar til forbetringar av våre tenester ved saklege og konstruktive tilbakemeldingar og svarar på undersøkingar (til dømes kursundersøkingane)

-          overheld alle fristar (mellom anna oppmeldingsfristar, trekkfristar, innleveringsfristar, søknadsfristar for rettleiar)

 

 


Undervisning

Institutta skal levera undervisning på bachelor- og mastergradsstudiet i tråd med kursomtalene. Institutta har som målsetjing å gje studentane forskingsbasert kunnskap, og skape eit godt læringsmiljø.

 

Som student vert det rekna med at du les kursomtalene før kurset startar og tek aktivt del i studentaktivitetane. Både praktiske og faglege spørsmål bør i størst mogleg grad kome på førelesingane, snarare enn ved personleg kontakt med førelesar. Dette vil sikre alle studentar lik tilgang på informasjon, samstundes som det skjermar førelesaran si tid til forsking.

 

 

Rettleiing

Institutta vert i samråd med PMU samde om fordeling av kandidatar ut frå søknadane. Det er opp til det einskilde instituttet å fastsetja rettleiar. På bakgrunn av tema og problemstilling skal rettleiar gje råd om litteratur som kan vere aktuell for oppgåva og kome med forslag til undersøkingar, bedrifter, saker eller liknande som kan vera med på å gje svar på dei problemstillingane som er reiste.

 

Som student vert det rekna med at du så tidleg som mogleg bestemmer deg for tema for oppgåva. For at du skal få ein rettleiar som har ein fagleg profil tilpassa di oppgåve, ber vi deg også om å formulere problemstilling for oppgåva i søknaden om rettleiar. Søknad om rettleiing på masteroppgåva skal sendast til studieadministrasjonen innan dei fastlagde fristane. Når institutta har tildelt rettleiar og du som student har fått beskjed om tildelinga, er det ditt ansvar å ta kontakt med ho eller han. I særskilde tilfelle der kandidaten har endra oppgåva si, kan ein sende søknad til instituttet om å få endra rettleiar.

 

 

Vurdering

Institutta har ansvaret for vurdering av innlevert arbeide.

 

Som student har du sjølv ansvaret for at alt arbeid er korrekt merkt.