Dobbelgradsprogrammet

Dobbelgradsprogrammet

Er du ambisiøs og motivert til å utfordra deg sjølv akademisk? Grip sjansen til å ta to mastergradar på to år!

!

Søknadsfristen er 1. november

Utvid ditt akademisk perspektiv ved å ta ein dobbelgrad ved NHH! Programmet lét deg utforska eit nytt akademisk felt og få djupare kulturell kunnskap ved å bu i utlandet eit heilt år. Mange tidlegare dobbelgradsalumni har hatt stor suksess med karriere i utlandet i ettertid. 

Du kan berre søka på dobbelgradsprogrammet dersom du allereie er NHH-student. Viss du er ein student ved ein annan institusjon (ikkje ein dobbelgradspartnar), må du fyrst søka deg til mastergraden i økonomi og administrasjon ved NHH

Når du er ferdig med studiet, vil du få to mastergradar; éin i økonomi og administrasjon frå NHH, og ein annan frå ein av NHHs dobbelgradspartnarar. 

Informasjonsmøte hausten 2023

Me arrangerer eit informasjonsmøte tysdag 3. oktober. Her vil du få informasjon om dobbelgradsprogrammet, søknadsfristar og meir. Du vil også få høve til å stilla spørsmål om dobbelgradsprogrammet.